Fagområde: Omdømme Stedsutvikling

Stadutvikling med eple og kunst

Sauherad i Telemark har lagt to særmerkte næringsvegar til grunn for utviklingsarbeidet sitt: epledyrking og kunst. Begge deler går att i stadutviklinga i kommunesenteret Gvarv.

Sauherad i Telemark har lagt to særmerkte næringsvegar til grunn for utviklingsarbeidet sitt: epledyrking og kunst. Begge deler går att i stadutviklinga i kommunesenteret Gvarv.

Kvart fjerde eple som blir dyrka for sal i Noreg kjem frå Sauherad. Den første eplehagen vart planta på prestegarden i 1738. Først rundt 1900 vart epledyrkinga vanleg på gardane i Sauherad. I dag har kommunen over 100 fruktprodusentar. Mange produserer eplesaft, både i stor og liten skala.

Det seier seg altså sjølv at Sauherad har valt eplet som identitetsmarkør. Eplet går att i alt frå kommunevåpenet (eit epletre) til namn på bygningar, festivalar, produkt og opplevingar.

– Alle kan identifisere seg med eplet. Dei kjenner ei stoltheit knytt til det, seier Anne Bjørg Haugan i Bulyst-prosjektet Økologisk bulyst i Sauherad, som arbeider med stadutvikling.

Biletkunst og land art

Også i utviklinga av kommunesenteret Gvarv står eplet sentralt, men då i kombinasjon med kunst, som er den andre tingen som kjenneteiknar Sauherad. Fleire biletkunstnarar har budd og arbeidd i området sidan 1800-talet. Erik Werenskiold måla til dømes både Telemarksjentene, Aften på Lindem, Bondebegravelse, På hjemvei og over 30 eventyrteikningar i Sauherad.

I dag bur og arbeider det også mange kunstnarar der og det er fire faste galleri i tillegg til Kunstnerhuset på Gvarv. Kunstnerhuset skal etter planen rustast opp for å kunne huse fleire konsertar og utstillingar. Kvart år blir det laga ein tiltalande trykksak som viser kvar du kan oppleve kunst. To av galleria i området ligg på gardar, og på den eine får ein kjøpt kafévarer og frukt.

– Hovudidentiteten til Gvarv og Sauherad er kunst og frukt – både kombinert og kvar for seg, seier Haugan.

Kombinasjonen kjem tydeleg fram i utsmykkinga som er gjort i tettstadane dei siste åra. På Gvarv er det lagt ut fleire mindre eple, vasar og fruktfat i stål som er kledd med kvist frå epletrea. Tre store land art-installasjonar er plasserte ute i terrenget: eit eple på Hjuksebø, eit fruktfat på Nordagutu og eit innholt eple på Akkerhaugen. Skal du kle deg om før eit bad i Nordsjø, kan du gjere det på innsida av dette eplet.

Per Benjaminsen er kunstnaren bak skulpturane. Ein lærar og elevar ved design og håndverksfag på Lunde vidaregåande skule tek seg av den årvisse utsmykkinga. Skulpturane er det Norsk Eplefest AS som eig – aksjeselskapet bak festivalen Norsk Eplefest og kåringa av Norges Beste eplemost. Kvart år under Eplefesten i september lagar elevar frå Lunde vidaregåande skule ei ”eple-tavle” (nytt motiv kvart år) på veggen til Gvarv Jernbanestasjon.

Om ikkje lenge skal Sauherad lyse ut ein konkurranse om to nye skulpturar som skal stå langs fylkesveg 360 og riksveg 36 ved innkøyringa til Gvarv og på Akkerhaugen.

Stiar til frukthagane

Kommunesenteret Gvarv er omkransa av eit flott kulturlandskap med gardar og frukthagar. For å kome dit, må ein køyre eller gå langs bilveger. Bulyst-prosjektet arbeider for å få til tre nye stiar som går frå sentrum og ut i kulturlandskapet, slik at folk kan få oppleve eplehagane på nært hald.

Ein av stiane er tenkt å gå frå Gvarv sentrum langs Gvarvelva til Evju bygdetun (mot Bø). Ein del av vegen finst alt, men målet er å flytte løypa vekk frå sentrum og ein trafikkert veg. Den andre planlagde stien går frå båthamna på Gvarv ut mot Nesodden langs innsjøen Nordsjø. Ein tredje sti går frå Gvarv ut til Årnes brygge på motsett side av Nordsjø. Løypa følgjer gang- og sykkelstien eit stykke, men skal så gå ned langs vatnet slik at turen blir finare. Traseane er ikkje klare, og grunneigarane har ikkje gitt løyve til arbeidet endå.

Stiane vil ikkje bli universelt utforma. Det er derimot planane for Kjærlighetsstien, ein rundtur langs Gvarv-elva i sentrum med utgangspunkt i Farstaparken. Der kjem ein fram med både barnevogn og rullestol. Gvarv Vel har teke eit spesielt ansvar for å få vegen ferdig. I tillegg har det lokale pensjonistlaget og Lions stilt seg positive til å bidra.

Kjerne og kart

Også festivalane i Sauherad er tru mot den spesielle kombinasjonen av eple og kunst, i alle fall i valet av namn. I tillegg til Norsk Eplefest i september, har Gvarv ein musikkfestival som går føre seg i august på ei elvebreidd i Farstaparken på Gvarv. Namnet Kartfestivalen spelar på eplekarten, det umodne eplet, i overført tyding ”unge og lovande musikarar”. På Wikipedia heiter det at ”band i vannskorpa får en mulighet til å vise seg fram”.

Festivalen legg stor vekt på at ungdom skal få prøve seg på scenen. Organisasjonen som arrangerer Kartfestivalen er aktive heile året med ungdomsarrangement. Karthuset er både namnet på eit lokale i Gvarv og ein inkubatorfunksjon for ungdom og musikk.

Gvarv har også Kjernehuset, ein kafé ved Eventyrtorget der også Kunstnerhuset ligg. Mållaget eig Kjernehuset. I 2013 blir kafeen i bygget starta opp att av ein ny aktør. Planen er at Kunstnerhuset, Kjernehuset og Pizzarestauranten på same stad skal samarbeide om ein del arrangement i lokala deira og på Eventyrtorget. Ei av oppgåvene til Bulyst-prosjektleiaren er å få aktørar i Gvarv/Sauherad til å samarbeide meir. Dette gjeld også velforeiningane og dei andre frivillige laga/foreiningane, som er svært viktige i ein del av dei lokale satsingane.

– Alle frivillige lag/foreiningar i Sauherad gjer ein viktig innsats med mellom anna vedlikehald av skulpturar og stiar og ved gjennomføring av ulike kulturelle arrangement. Dei er ein nødvendig føresetnad for arbeidet vi gjer i Bulyst-prosjektet, seier Anne Bjørg Haugan.