Økologisk bolyst i Sauherad

Grøne møtestader, fortetting og ressursvenlege bustader skal styrkje og bidra til berekraftig utvikling av Noregs frukthovedstad, Sauherad.

I 2010 fekk Sauherad kommune 200.000 kroner frå den nasjonale Bolyst-satsinga, for å gjennomføre eit forprosjekt med mål om å sjå på mulegheitene for å utvikle Gvarv og Sauherad med berekraftige metodar og løysingar. Forprosjektet blei vidareført i 2011, med Bolyst-støtte (800.000 kroner) og regionale midlar frå Telemark fylkeskommune.

Utprøvingsarena for berekraftig bustad- og stadutvikling

I prosjektet vil Sauherad kommune etablere ein utprøvingsarena for ressursvenlege bustader og bærekraftig stadutvikling. Målet er å utvikle Gvarv med eit økologisk landsbypreg og styrke koplinga til kulturlandskapet. Tettstadutviklinga skal ivareta fruktbygda sine omliggande kulturlandskap.

Sauherad vil kombinere satsing på miljø, økologi og stadutvikling og styrkje attraktiviteten til lokalsamfunnet. Kommunen har vedteke ein økologisk stadutviklingsstrategi, der innbyggjarar, næringsliv, kulturaktørar, lag og organisasjonar skal involverast gjennom kulturliv og stadutvikling. Strategien dannar grunnlaget for den vidare utviklinga, etter avslutta prosjektperiode.

Samarbeidspartar

Telemark fylkeskommune og Husbanken bidrog i gjennomføringa av forstudien, der også Midt-Telemark Næringsutvikling deltok. Sauherad kommune tilsette i 2011 kommunal prosjektleiar, med ansvar for vidareføring av arbeidet.

Aktivitetar

Gjennom prosjektet ønskjer kommunen å bruke ”grøne” møteplassar som ei drivkraft i utviklinga, bl.a Kartfestivalen – ein heiløkologisk rockefestival og eit årleg kulturarrangement i bygda Gvarv. Vidare er det eit mål å samarbeide med huseigarar og entreprenørar, for å få til fortetting og fornying av bustader og bygningar.

I Sauherad er fruktdyrking ei viktig næring – noko prosjektet har fokus på. Blant anna skal det leggast til rette for å involvere innbyggjarar og tilflyttarar, herunder innvandrarar, i økologisk parsellhagedyrking.

Status

Med skifte og endringar i prosjektleiing og styring har framdrifta i arbeidet vore mindre enn opprinneleg planlagt. Prosjektet er difor noko forseinka og konkluderer i prosjektrapport av august 2012 at oppnådde resultat og overføringsverdi må sjåast i lys av dette. Ein konsekvens er svakare involvering og forankring hjå innbyggarar og lokalsamfunn enn forventa.

Hovedmål

Styrkje Sauherad og bygda Gvarv som attraktivt lokalsamfunn

Delmål

Utvikle grøne møtestader, fortette sentrum og bidra til å utvikle ressursvenlege bustader

Målgrupper

  • Ungdom
  • Innvandrere
  • Ildsjeler og innbyggere lokalt

Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner

Prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon, men Distriktssenteret har ikkje vurdert arbeidet. Tiltaket er en del av «Katalog over tilflyttingsarbeid i distriktene». Dette er del av utgreiinga «Tilflyttingsarbeid i norske distriktskommuner», som Ideas2evidence og Norut gjennomfører på oppdrag frå Distriktssenteret.