Fagområde: Tilflytting

Prøvebustader for øybuarar i Austevoll

På Møkster i Austevoll kommune kan du teste øylivet i nybygde prøvebustader. Prøvebumodellen vekkjer interesse godt utover kommunegrensene.

Tilflyttarar til øya Møkster har sidan 2010 hatt tilbod om å teste øylivet i nybygde prøvebustader. Prøvebustadane er resultat av eit nært samarbeid mellom Austevoll kommune og engasjerte innbyggjarar. So langt er erfaringane gode og tilbodet etterspurt.

Ingen stader å bu

Problemstillinga på Møkster er kjend: Her fanst familiar som gjerne ville bu på øya, men som ikkje ønskte å byggje hus med det første. Samstundes var ingen av dei eksisterande husa på øya tilgjengelege for utleige, då fleire brukar husa som feriehus.

Foreininga Møkster Bu, stifta i 2008, søkte svar på utfordringa. Med føremål om å auke busettinga på øya, sette foreininga seg mål om å få til eit rimeleg utleigetilbod for barnefamiliar, og leggja til rette for husbygging på øya. Tilsaman har øybuarane samla vel 100.000 kroner til føremålet.

To sjøbuer på Møkster. Foto.

Møkster er attraktiv for feriebuarar. Det utfordrar, men gjev også mulegheiter. Foto: Distriktssenteret.

Møkster-modellen

Men innbyggjarforeininga kunne ikkje gjennomføre bustadprosjektet åleine, og søkte samarbeid med Austevoll kommune. For ein tidlegare Robek-kommune med lite økonomisk handlingsrom, var ikkje dette berre rett fram. Men løysingane fanst:
– Møkster er ein diamant, med ein sentral plass i historia vår. Og når møksterbuene sjølve tok grep, så ønskte kommunen å støtte, seier tidlegare ordførar Helge Andrè Njåstad.

I bustadprosjektet har Møkster Bu og Austevoll kommune samarbeidd om å byggje to bustader for utleige. Målet er å leige ut bustadene til barnefamiliar som – etter å ha prøvebudd 3 til 5 år – kan kjøpe husa. Bustadprosjektet er basert på følgjande avtale:

  • Møkster Bu har skaffa fram tomt og jobba dugnad.
  • Kommunen står som eigar av bustadene, som er finansierte gjennom lån i Kommunalbanken.
  • Møkster Bu leiger bustadene frå kommunen. Leigesummen dekkar alle lånekostnader.
  • Alle drifts- og vedlikehaldskostnader blir dekka av Møkster Bu, som også står for all framleige og kontakt med «prøvebuarane».
  • Møkster Bu skal ha midlar sett av til å dekka inn minst 6 månader med evt. ledig hus.
  • Dersom husa står ledige over lengre tid skal prosjektet avsluttast og bustadene seljast.

Mindre risiko

Samarbeidet mellom kommunen og Møkster Bu reduserer innsatsen og risikoen for alle partar. Dette har vore avgjerande for realiseringa av prøvebustadene. Austevoll kommune vurderer at modellen har ein akseptabel risiko:
– Det er attraktivt å ha feriehus på Møkster, og dersom det ikkje er interesse for å leige eller busette seg fast, har vi god tru på at husa vil vere attraktive å selje som fritidsbustader, seier samfunns- og næringsutviklar i Austevoll kommune, Bjørn Wefring.

Tilsatte frå kommunane i Nordhordland Møkster foran einebustad. Foto.

Prøvebustad-modellen i Austevoll fangar interessa hjå mange. Her besøker kommunane i Nordhordland Møkster og prøvebustadene. Foto: Distriktssenteret.

Vekkjer interesse

Modellen vekkjer interesse hjå andre kommunar, særleg der det er attraktivt å ha eit feriehus. Kommunane Kvinnherad, Bømlo og Stord vurderer modellen for øysamfunna Fjellberg, Espevær og Huglo. Her samarbeider bygdelaga på tvers av øyane om å realisere ein prøvebustad kvar. Representantar frå prosjektgruppa har også vore i kommunane Vaksdal og Øygarden, for å orientere om prøvebu-konseptet.

– Fleire tykkjer modellen vår er interessant, og samarbeidet på tvers virkar, seier Bjørn Wefring som er nøgd med at andre kommunar hentar inspirasjon frå Møkster og Austevoll.

 Regulerer areal for bustadbygging

Men prøvebuinga er kun eit steg på veg mot målet om å auke den faste busettinga på øya, og Møkster Bu har også engasjert seg i arbeidet med ny kommuneplan for Austevoll. Den nye arealplanen legg no til rette for at areal på øya kan regulerast til bustader, dette i samråd med grunneigarane. »

– Om vi har lukkast med prøvebustadprosjektet på den måten at folk faktisk vel å byggje og slå seg ned her fast, er enno for tidleg å seie, seier Njåstad. Sjølv har han tru på at Møkster også i framtida skal vere eit livskraftig samfunn, i øyriket Austevoll.