Fagområde: Omdømme

Omstillingsresultata kjem ikkje med ein gong

Omstillingsprogrammet Bremanger kommune gjennomførte frå 1998-2003 har bidratt til mellom 75 og 113 arbeidsplassar i perioden 1998 til 2009. Utan omstillinga ville Bremanger hatt 5-7 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

– Vi ser at omstillingsprogrammet var med på å bidra til at steinindustrien og reiselivsnæringa i Bremanger har fått auka betydning, seier direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret. – Det er viktig for eit lokalsamfunn å ha fleire bein å stå på. At fleire engasjerer seg i næringsutvikling er også positivt. Likevel ser vi at omstillingsprosessen ikkje har vore nok til å stoppe befolkningsnedgangen.

Bremanger hadde omstillingsstatus i perioden 1998-2003, for å ta møte utfordringane med folketalsnedgang og forventa nedbemanning i industrien. Totalt vart det løyvd 32 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og det vart mellom anna sett mål om 100 nye arbeidsplassar innan utgangen av 2003. Studien som no er gjennomført viser at Bremanger ville hatt 5-7 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 75 og 113 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1998 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forsking og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– På same måte som i fleire andre omstillingsområde, ser vi at resultata av omstillingsarbeidet også kjem etter sjølve omstillingsprogrammet er ferdig, seier Holmli. – Eit døme på dette er planane for sentrumsutvikling som vart utarbeidd under omstillingsprogrammet, men først teke tak i seinare.

Fakta:

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.