Fagområde: Omstilling

Omstilling i Glåmdalen løyste ikkje alle utfordringane

Omstillingsprogrammet i Glåmdalsregionen i perioden 1998-2003 har bidratt til mellom 150 og 225 arbeidsplassar i perioden 1997 til 2009. Utan omstillinga ville regionen hatt rundt eit prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

– I Glåmdalsregionen har omstillingsprogrammet bidratt til auka samarbeid på tvers av bransjar og mellom skule og næringsliv. I tillegg er det ein auka fokus på nyskaping og innovasjon i regionen, fortel direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret.

Glåmdalsregionen (kommunane Nord-Odal, Sør-Odal, Eidskog, Kongsvinger, Grue, Åsnes og Våler) hadde omstillingsstatus i perioden 1998-2003, for å ta tak i utfordringane etter langvarig nedgang i folketal og sysselsetting, spesielt i trelastindustrien. Totalt vart det løyvd 50 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og det vart mellom anna sett mål om 300 nye arbeidsplassar innan 2004. Studien som no er gjennomført viser at regionen ville hatt 1 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 150 og 225 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1998 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forskning og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– I Glåmdalsregionen ser vi at omstillingprogrammet har hatt størst effekt i forhold til kompetanseheving i næringslivet, noko som har føt til at fleire bedrifter er opptekne av nyskaping og utvikling i dag, seier Holmli. – Regionen har likevel framleis å ha ei utfordring med å skape attraktive kompetansearbeidsplassar som kan trekkje til seg ung arbeidskraft med høgare utdanning.

Fakta:

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.