Omstilling bidrog til meir profesjonell næringsutvikling

Omstillingsprogramma i Sokndal kommune og Dalaneregionen i perioden 1997-2002 har bidratt til mellom 98 og 139 arbeidsplassar i perioden 1997 til 2009. Utan omstillinga ville Sokndal kommune hatt 5-8 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand  i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

– Reiselivsnæringa, spesielt i Sokndal har vorte meir robust som følgje av omstillingsprogramma, fortel direktør Halvor Holmli i Distriktssenteret.

– Det viktigaste resultatet er likevel det profesjonaliserte næringsutviklingsapparatet.

Kraftig nedgang i sysselsettinga ved hjørnesteinsbedrifta Titania i Sokndal var grunnlaget for at dei to omstillingsprogramma vart sett i gang. I Sokndal kommune vart det gitt 28 millionar kroner i løyvingar, og målet var 100 nye og varige arbeidsplassar innan 2001. Studien som no er gjennomført viser at kommunen ville hatt 5-8 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått at omstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 68 og 101 arbeidsplassar er skapt  i Sokndal frå starten i 1998 og fram til 2009. Paralellt vart det gjennomført eit begrensa regionalt omstillingsprogram for kommunane Eigersund, Bjerkreim, Lund og Sokndal. Dette programmet fekk 10,4 millionar kroner i løyvingar, og studien fortel at det har bidratt til 30-38 arbeidsplassar.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forskning og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda  bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– Dalaneområdet er framleis veldig avhengige av hjørnesteinsbedrifta Titania, seier Holmli.

– Det er ei stor utfordring og tek tid å snu ein tradisjonell arbeidstakarkultur til gründerkultur. Andre kan lære av arbeidet som er gjort for å samarbeide om omstilling og etablere eit regionalt næringsapparat som det i Dalane.

Fakta:

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida  hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.