Fagområde: Omstilling

Omstilling berga Røyrvik

Omstillingsprogrammet Røyrvik kommune gjennomførte frå 1994-2000 har bidratt til mellom 19 og 28 arbeidsplassar i perioden 1994 til 2009. Utan omstillinga ville Røyrvik hatt 8-13 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

Det er meir krevjande å skape nye arbeidsplassar i distriktskommunar som Røyrvik enn i meir folkerike kommunar nærare regionale senter. I studien kjem dette fram ved at kostnaden per skapt arbeidsplass er vesentleg høgare i Røyrvik enn i dei andre omstillingsprogramma som er med i studien.

Røyrvik hadde omstillingsstatus i perioden 1994-2000, for å ta tak i utfordringane når Grong Gruber la ned drifta . Totalt vart det løyvd 32 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og målet var mellom anna 40-60 nye arbeidsplassar. Studien som no er gjennomført viser at Røyrvik ville hatt 8-13 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått atomstillingsarbeidet har bidratt til at mellom 19 og 28 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1994 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forskning og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– I ein liten kommune har sjølv nokre få arbeidsplassar mykje å seie. Det er sannsynleg at utan omstillingsprogrammet hadde Røyrvik sitt folketal vore vesentleg lågare enn dei 500 som bur der i dag, fortel direktør i Distriktssenteret Halvor Holmli.

Fakta

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.