Fagområde: Omstilling

Nesten 250 omstillings-arbeidsplassar

Omstillingsprogrammet Odda kommune gjennomførte frå 1998-2003 har bidratt til mellom 199 og 248 arbeidsplassar i perioden 1998 til 2009. Utan omstillinga ville Odda hatt 5-7 prosent færre arbeidsplassar. Det viser ein rapport om langtidseffektar av omstilling som Trøndelag Forskning og Utvikling har laga etter initiativ frå Distriktssenteret.

– Det er tydeleg at omstillingstatus gir kommunar og regionar kommunar eit løft med langsiktige resultat. Omstillingsprogramma vi har studert har likevel ikkje vore kraftige nok til å kompensere fullt ut for negativ utvikling som følge av langvarig nedgang i basisnæringar, nedbemanning i hjørnesteinsbedrifter og generelle sentraliseringsprosessar, fortel seniorforskar Roald Sand i Trøndelag Forsking og Utvikling.

Konkrete resultat

Opprettinga av SMB Odda er eit av omstillingsresultata Distriktssenteret meiner også andre kan lære av. I tillegg var omstillingsprosessen utløysande for den omfattande reiselivssatsinga og utbygginga i Røldal. I Odda har omstillingsarbeidet i liten grad hatt innverknad på hjørnesteinsverksemdene og kommunen har ikkje gjort langsiktige endringar i sitt forhold til næringsutvikling. Men prosessen bidro til lokal kompetanseheving og positive haldningsendringar.

Odda hadde omstillingsstatus i perioden 1998-2003, for å ta tak i utfordringane med at rundt 500 industriarbeidsplassar forsvann i perioden 1991-2004. Totalt vart det løyvd 53,5 millionar kroner til omstillingsarbeidet, og målet var 200 arbeidsplassar. Studien som no er gjennomført viser at Odda ville hatt 5-7 % færre arbeidsplassar i dag om ikkje omstillingsarbeidet hadde blitt gjennomført. I rapporten blir det anslått atomstillingsarbeidet har bidratt til at mellom  199 og 248 arbeidsplassar er skapt frå starten i 1998 og fram til 2009.

Nyttig lærdom

I studien har Trøndelag Forskning og Utvikling sett nærare på ti område som hadde omstillingsstatus rundt tusenårsskiftet for å finne ut om omstillingsprosjekta har hatt langvarig effekt. Til saman fekk dei ti prosjekta 388 millionar kroner i tilskot frå Kommunal- og regionaldepartementet, fylka og kommunane. Ved utgangen av 2009 hadde omstilling i dei ti områda  bidratt til 1565 fleire arbeidsplassar. Det er likevel grunn til å legge merke til at studien viser at desse områda har 3900 fleire arbeidsplassar enn ein kunne ha venta om utviklinga var som i samanliknbare kommunar og næringar. Ei rekkje andre forhold har såleis også vore viktige for utviklinga.

– Andre omstillngsområde kan lære av utfordringane Odda har hatt i skjæringspunktet mellom å vidareutvikle det eksisterande og viktige næringslivet og å få tyngd i arbeidet med å finne nye bein å stå på. Langtidseffektane i Odda ser ut for å vere mest knytt til ny aktivitet og mindre til dei eksisterande hjørnesteinsbedriftene, fortel direktør i Distriktssenteret Halvor Holmli.

Fakta:

Eit omstillingsprogram er ein tidsavgrensa, ekstraordinær innsats for å få snudd en svært negativ utvikling i sysselsetting og folketal. Finansieringa skjer med offentlege midlar frå stat, fylkeskommune og en eigendel frå kommunane som gjennomfører programma. Hovudmålet med omstillingsmidlane er å utvikle lønsame arbeidsplassar, få ein meir robust og variert næringsstruktur og å styrke næringsutviklingsevna. Før 2004 var det Kommunal- og regionaldepartementet som tildelte slik status. Etter 2004 er det fylkeskommunane som administrerer verkemiddelet. Innovasjon Norge har heile tida  hatt ei rolle som kompetansesenter for omstilling.

Steder: