Fagområde: Næringsutvikling

Med isen som arbeidsplass

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Fimbul Jostedal as lever av å ta med folk på tur på Jostedalsbreen og områda rundt. Sommar som vinter.

Jostedalen ligg inneklemt mellom to store fjellområde – Jostedalsbreen og Breheimen. Distriktssenteret møter ein av gründerane bak Fimbul Jostedal as, Bjørnar Bjørhusdal. Vinterturismen har fått eit fotfeste i området som er mest kjent for høg aktivitet gjennom sommarhalvåret med ulike typar aktivitetar og opplevingar.

Knoppskyting frå Jostedal Breførarlag

Jostedalen Breførarlag starta opp i 1987, og er mellom dei største breførarlaga i Noreg i dag. Dei har avla fram mange entusiastar for bre og fjellføring, m.a. Bjørnar. 30-åringen frå Sunnfjord med røter i Jostedalen, fann etterkvart ut at livet som aktivitets- og opplevingsguide kunne gi moglegheiter ein lønna inntekt gjennom heile året.

Starta i det små

Bjørnar slår med ein gong fast at verksemda framleis er liten, men er med og skapar aktivitet i ei bygd som har store moglegheiter også vinterstid. Det gjeld både toppturar, lettare skiturar, isklatring og skredkurs for å nemna nokre av aktivitetane. I april og mai er området perfekt for vårskiturar. Denne veka – midt i mars månad har vi guida 2 canadiske jenter i 5 dagar. Dei fann oss på Internett, og brukar Jostedalen som turområdet i 1/3 av tida dei er i Noreg på ski. Det er gått 7 år sidan oppstarten, og smått om senn har trafikken auka til eit nivå som gjer at vi kan fylla fleire dagar i veka med aktivitetar til personar som ynskjer å utfalda seg i spennande og dramatisk natur.

”Katedral” under isen

Nigardsbreen er mest kjent for stor trafikk om sommaren, der m.a. breførarlaget har over 10 000 besøkande. Denne dagen blir vi med Bjørnar på ein tur til Nigardsbreen, og får med ei fantastisk oppleving under isen. For nokre år sidan oppdaga dei at det var mogeleg å ta ein tur under isen der elva frådar vilt om sommaren. Tryggleiken kjem alltid i høgsetet, men no i midten av mars er det trygt å oppleve ”katedralen” under isen, seier Bjørnar. Han trur at Fimbul Jostedal as. vil utvikla seg vidare. Samstundes må det skje i takt med det vi kan tilby og med heile samfunnet i Jostedalen, som etter kvart vil vere endå meir førebudde på vertskapsrolla for turistar og andre gjennom heile året.