Fagområde: Tilflytting

-Livet er meir enn jobb!

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Kva er det som får folk til å flytte? Har ein gløymt potensielle grupper når ein har vore for einsretta inn mot småbarnsfamiliar og å få utflytt ungdom heim. Kva med dei som ikkje har røter i ein region, men er fascinert av naturen eller kulturen?

Frå by til land

Spennande jobbar, men mest naturaktivitetar i området var viktig for at fem bygutar landa i Sogndal i Sogn og Fjordane. Fire av dei kom direkte frå sivilingeniørstudiet ved NTNU i Trondheim. To vart headhunta til jobb i Kunnskapsparken i fylket, to etablerer sine eigne arbeidsplassar innafor IT. Den femte kjem frå Oslo med datajobben i bagasjen – i lag med snøbrettet han bruker over heile verda. Ettersom dei fleste av dei arbeider innafor IT-relatert bransje, var god tilgang på breiband avgjerande for om staden var aktuell å flytte til eller ei.

Puddersnø & bratte fjellsider

Tanken på bratte fjellskråningar med urørt puddersnø nokre minuttar unna, var avgjerande for flyttevalet. Fleire av dei har køyrt dei raske timane til surfehelg ved Stadt. Dei har fått med seg fjellfilmfestivalen på Turtagrø, og dei har meldt seg som frivillige til Fjellsportfestivalen som vart arrangert for første gong i februar 2008. Kompisgjengen har investert i stor og svært typisk familiebil. Ikkje fordi dei single mennene er verpesjuke, men fordi dei har behov for ein stor bil med plass til utstyret dei bruker i naturen.

Studentmiljø med mykje aktivitet

Med ein fot innafor studentlivet i Sogndal, har dei ikkje problem med å få tida til å gå – også etter avslutta arbeidsdag. Dei representerer definitivt ei anna type menneskegruppe enn småbarnsfamiliane som heile Distrikts-Noreg lokkar på.

I slutten av oktober vart deler av den nye bu- og flyttemotivundersøkinga til Statistisk Sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) presentert. 10.000 personar er spurt om kvifor dei har flytta, eller kvifor dei ikkje har gjort det. Ein må heilt attende til 1972 sidan sist ei slik undersøking vart gjort. Mykje har endra seg i samfunnet sidan den gongen.

– Livet etter klokka fire

– Vi må ta innover oss at ein god del av livet blir levd etter klokka fire, sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa då ho opna seminaret. Denne kartlegginga er interessant for alle som er opptekne av lokal og regional utvikling. Distriktssenteret kjem attende med meir informasjon når heile undersøkinga er klar, nærmare jul.