Fagområde: Kommunereformen

Kristiansund: Næringslivet ønska samanslåing

Kristiansund hadde arbeidsplassane, men mangla areal. Frei hadde både folk og ledig areal. Næringslivet ville ha samanslåing, og politikarane starta prosessen.

Indirekte kan ein seie at oljeverksemd i Midt-Norge førte til kommunesamanslåinga. Etableringa av Kristiansund som baseby førte til mangel på areal innanfor kommunegrensene. Dette kan også forklare at det er næringslivet i den minste kommunen Frei som organiserer seg for samanslåing.

Læringspunkt

  • Næringslivet var ein av initiativtakarane, og etablerte ei arbeidsgruppe i 2001. Det syner at initiativet til samanslåing kan kome frå andre enn kommunen sjølv.
  • Alle innbyggarane vart inviterte til å vere støttespelarar i ei interessegruppe. Med større kommune ville kvalitet, tiltrekkingskraft, verdiskaping, infrastruktur og etableringar bli styrka, meinte dei.
  • Politikarane tok signala og sette i gang prosessen.

Kommunesamanslåing mellom dei to kommunane var eit gamalt tema. Første gongen diskutert i 1946, og tilrådd av Scheikomitéen i 1964, men det vart ikkje følgt opp den gongen.

Samfunnsutviklinga, med Kristiansund som base for oljeverksemd, førte til tettare samhandling mellom dei to kommunane. Vedtaka om å starte prosessen mot ei eventuell samanslåing vart fatta i begge kommunestyra i 2002. Det vart samrøystes i Kristiansund, og knapt fleirtal (13-12) i Frei.

Debatten stilna fort

I tida som fulgte var det heftige folkemøte og stor debatt i media. Det kanskje mest uventa som skjedde var at debatten stilna etter folkeavrøystinga i 2004. Det kan tyde på at det vart gjort ein god jobb med samanslåinga, eller at folk var overmodne for ei samanslåing med nabokommunen.

Det er ikkje teke i bruk nye medverknadsmåtar som skil seg frå det som var brukt før samanslåinga. Det er heller ikkje mogeleg å stadfeste om det er blitt fleire eller færre interkommunale samarbeid. Men det er blitt ein del nye samarbeidsområde; internt i kommunen og utvida til fleire nabokommunar. Legevaktordninga og næringspolitisk samarbeid er utvida til fleire kommunar, og det er nytt samarbeid innafor skatt, hamn, oljevern og beredskap.

Det har betydd mykje for sjølvkjensla og identiteten at den nye kommunen fekk eit folketal nesten på linje med Molde. Folketalet blir brukt mellom anna i kampen om lokalisering av sjukehuset i regionen. Den interkommunale identiteten vart styrka gjennom felles informasjonsavis ”Kommunen vår” og heimeside.

Frå å ha eit stabilt innbyggjartal, er auken i folketalet no opp mot landsgjennomsnitt. Ein medverkande årsak til det er etableringa av basen for leiteaktivitet/oljeutvinning i Kristiansund.

Bygdelistene forsvann

Bygdelistene i Frei vart ikkje med i den nye kommunen. Forskar Bent Aslak Brandtzæg, Telemarksforsking, meiner det var svært overraskande, og er det motsette av det som skjedde i Fredrikstad, der nye bygdelister vart oppretta.

– Når det gjelder politisk representativitet, går skillelinjene mellom politisk parti og ikkje geografiske område. Det er ikkje mogeleg å seie om den politiske deltakinga eller engasjementet er større eller mindre i 2014 enn for 10-12 år sidan, seier Gunnar Winther, rådgjevar ved Distriktssenteret.

Samanslåingsfakta Kristiansund kommune

Samanslegne 1.1.2008.

Tidlegare Kristiansund (17114 innbyggere i 2007) og Frei (5274).

Folkeavrøysting
Kristiansund: 95,5 % ja, (valdeltaking 39,5 %)
Frei: 51,5 % (1330) ja, 1252 nei (valdeltaking 67, 6 %)

Lesetips