– Det handlar om å redefinere seg sjølv, seier Maria Utsi engasjert. Ho er dagleg leiar i Hermetikken næringshage i Vadsø, og har ansvaret for omdømmekampanjen til Finnmark fylkeskommune, som har fått namnet ”en beat av Finnmark”. Føremålet med prosjektet er å formidle nye bilete av Finnmark, som på lengre sikt kan gi varig endring av omdømmet til Finnmark. Eit anna mål er å bygge opp sjølvkjensla til ungdom i fylket.
– Her i Finnmark har det vore vanleg å tenkje at vi er jo litt urbane vi også, vi har jo kaffe latte vi òg. Men det er heilt feil. Vi er ikkje eit snev urbane. Vi er alt mogleg anna, og det er ikkje berre heilt greitt, det er faktisk veldig kult, seier Maria Utsi. Ho blir ivrig når ho blir spurt om grunnlaget for måten Hermetikken arbeider med omdømmearbeid på vegne av fylkeskommunen.
Måtte tenke annleis
Finnmark fylkeskommune erkjente for nokre år sidan at arbeidet med omdømme måtte endrast. Samlingar på store hotell i Oslo fungerte ikkje godt nok.
– Vi ville vere nøyare med å velje ut målgrupper og vere medvitne på bodskapen, fortel informasjonssjef i Finnmark, Trond Magne Henriksen. Hermetikken næringshage fekk oppdraget. Studentar og unge vart fort hovudmålgruppa for prosjektet.
Brukar mytane som ressursar
– Alt du trur om Finnmark er heilt sant, seier Maria Utsi. Ho vil ta innersvingen på fordommane og brodden av mytane. Ho vil bruke dei for det dei er verdt, i staden for å prøve å framstille Finnmark som noko anna enn det Finnmark er.
– Det er massevis av harry folk her, og det er skitkult. Me får veldig gode tilbakemeldingar på å tenkje slik, til dømes gjennom lesarbrev og enorm lokal mediedekning. Folk opplever det som nytt og spennande, endeleg torer vi å ta tak i mytane og gjere noko med vårt eige sjølvbilete, seier Utsi.
Boka En beat av Finnmark
Alle kommunane i Finnmark har fått si eiga side i boka ”En beat av Finnmark”, som har som mål å presentere det eigentlege Finnmark blant anna gjennom ein biletserie. Kommunane har sjølve vore involverte i å trekke fram særtrekk som dei i utgangspunktet ikkje ser på som ein fordel. Det er ting som fisk, reineigarar, oransje russ, trubadurar, scooterar, scooterjakker. – Kort sagt, det folk forbind med ”harry Finnmark.”
Fylte Blå og Storås
På eigne arrangement på Blå i Oslo og Storås i Trondheim har folk fylt lokala til randa.
– Det har ikkje handla om å rope flytt hit! Kom heim! Alt dette ligg i botnen. Det vi har fokusert på, er å gje folk gode opplevingar, til dømes gjennom gode opplevingar som punckrockjentebandet Cyanid frå Alta, understrekar Trond Magne Henriksen. Under årets by:Larm blir det ei eiga Finnmarksscene på Gamla i Oslo.
Identitetsbygging og synleggjering
Maria Utsi meiner at dei viktigaste effektane så langt har vore erkjenningane lokalt. Vi har fått gjennomslag for nye måtar å tenkje om oss sjølv, og – å presentere det på. Den andre delen av arbeidet handlar om å vere synleg for andre. Til no manglar det mål på korleis dette har fungert. – I den første fasen har det vore viktigast å få aksept på måten å tenkje på og å få det forankra, fortel Maria Utsi.
Aktivitetar i Finnmark
- En beat av Finnmark 2007: Profileringsarrangement på Blå i Oslo, med middag, info og konsert. Primært retta mot utflytta Finnmarksungdom og studentar.
- En beat av Finnmark 2008: Finnmarkshending på Storås utestad i Trondheim. Mat, konsert, og bilete.
- En beat av Finnmark-boka. Ei ”informasjonsbok” om Finnmark med omtale av alle kommunen i tillegg til annen nyttig og unyttig informasjon om fylket. Bygget på humor, sarkasme, myter og fordommar. Retta mot ungdom og studentar.
- Utstilling/bildeserie: ”Alt du trur om Finnmark er helt sant, min venn” Konstruerte bilete av modellar som framstilte klassiske finnmarksmytar og –fordommar.
Kontaktinformasjon
Maria Utsi, dagleg leiar i Hermetikken næringshage,