Fagområde: Kommunereformen

Harstad: Motivert av vegprosjekt

”Det beste som er oppnådd med denne kommunesamanslåinga er at Bjarkøy-sambandet blir realisert.” Det er haldninga til innbyggarane i øysamfunnet Bjarkøy.

Debatten rundt samanslåinga var fullstendig prega av realiseringa av vegprosjektet Bjarkøyforbindelsen. Det var ingen debatt om identitet knytt til samanslåinga, med unnatak av val av kommunevåpen. Infrastrukturløysinga har vore hovudsaken.

Lang prosess

Folkeavrøystinga fann stad i 2002 medan samanslåinga først vart gjennomført i 2013. Eit av vilkåra for samanslåing frå Bjarkøy si side var bedre vegsamband med kortare avstand til fastlandet. Prosessen med å få fullfinansiert prosjektet tok 10 år. Dette skuldast i hovudsak manglande vedtak frå Troms fylkeskommune. Med ny administrativ organisering av kommunane, har ein som mål å spare rundt 8.5 millionar kroner årleg. Desse pengane skal gå til finansiering av Bjarkøy-sambandet. Byggjeprosjektet skal starte i 2014, og vere ferdig hausten 2017.

Læringspunkt

  • Det har teke meir ressursar enn forventa å slå saman kommunane.
  • Det er like krevjande å slå saman ein liten kommune med ein stor, som to store kommunar. Alle systema skal samkøyrast.
  • Det er ingen økonomisk gevinst enno, fordi tenestestadane på Bjarkøy blir drive som tidlegare inntil fastlandssambandet skal opnast.

Frå formannskap til bygdeutval

Harstad kommune hadde 35 representantar og Bjarkøy 13. Etter samanslåinga er det 35 representantar i det nye kommunestyret, der to er frå gamle Bjarkøy.

Det kan vere krevjande å få eit nytt kommunestyre, der dei fleste bur i Harstad byområde, til å forstå utfordringane som er ute på øyane. I perioden 2013-2015 er det tidlegare formannskapet i Bjarkøy gjort om til bygdeutval.

Dei to kommunane er svært ulike. Bjarkøy har vore avhengig av interkommunalt samarbeid på mange område før samanslåinga. Sentraladministrasjon, teknisk og skule/helse/pleie- og omsorgsadministrasjonen vart innlemma i Harstad. Øysamfunnet får behalde barnehage, grunnskule, pleie- og omsorgstenester, helse og bibliotek.

Handlar om infrastruktur

Begge kommunane har fokusert på mulegheitene samanslåing opnar opp for. Bjarkøy meiner det vil bli lettare å få finansiert nye tiltak på Bjarkøy etter realiseringa av vegprosjektet. Harstad har vurdert mulegheitene for utvikling av havbruk og reiseliv som betre i storkommunen Harstad.

– Det er for tidleg å seie noko om endringar ettersom samanslåinga berre har eksistert i halvanna år, og det er fleire år til før sambandet blir ferdigstilt. Denne samanslåinga har aldri vore ei sak om identitet, men om å få på plass ein god infrastruktur, seier Mona Handeland, rådgjevar ved Distriktssenteret.

Sammanslåingsfakta Harstad kommune

Samanlegne 1.1 2013.

Tidlegare Harstad (24.291 innbyggjarar 1.1.2013) og Bjarkøy (454).

Folkeavrøysting 16.9 2002
Bjarkøy 90,1 % ja.

Harstad hadde open høyring.

Lesetips