Fagområde: Omdømme

Hardanger lokkar til seg kunstnarar

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Oslo verkar som ein magnet på unge kunstnarar. Men også mindre plassar kan vere attraktive for yrkesgruppa. Kvam herad og Hardanger har vist veg.

Kvam herad i Hardanger tenkte nytt om tilflytting etter at smelteverket i Ålvik trappa ned og folketalet i den vesle industristaden skrumpa. Kunst og kultur vart eitt av dei nye satsingsfelta, og gjennom prosjektet Kvammalokk freista kommunen å få kunstnarar til å etablere seg i Kvam. Sommaren 2007 var til saman 24 norske og nederlandske kunstnarar på omvising i Kvam. Eit viktig trekkplaster var Messen, bygget frå 1918 der hovudadminstrasjonen til smelteverket tidlegare heldt til. Kommunen stilte bygget til rådvelde for folk som ville gje det nytt innhald. Slik vart Kunstnarhuset Messen til.

Etterlyser kunstnarpolitikk

Sosiologen Dag Solhjell er i gang med ei kartlegging som syner at Oslo verkar som ein magnet på norske kunstnarar, og særleg dei unge i yrkesgruppa. Over halvparten av dei 400 mest anerkjende norske kunstnarane bur no i Oslo (Kulturnytt i NRK P2, 18. februar). Dag Solhjell og Jon Øien tek utgangspunkt i kor ofte kunstnarar blir kjøpte inn og stiller ut på dei mest velsedde institusjonane. Tala gjeld altså eliten blant profesjonelle kunstnarar.

Forskarane peikar på at lokale og regionale politikarar faktisk kan gjere noko for å styrke kunstscenen utanfor hovudstaden. Solhjell held fram Oppland som døme på eit fylke med ein svak kunstscene. Berre to av dei 400 mest anerkjende kunstnarane har adresse i fylket, og den einaste kunstinstitusjonen i Oppland er Lillehammer kunstmuseum. Elles er det få private galleri, og kunstnarstanden er aldrande. Solhjell meiner ein meir aktiv kunstnarretta politikk må til for å trekkje unge kunstnarar til fylke som Oppland.

– Ein skal la kunstnarar ta initiativ, og så skal planen vere å støtte opp under det dei unge kunstnarane gjer. Når kunstnarane i et fylke blir synlige, så blir også fylket og kunstscenen der meir synlege, seier kunstsosiologen.

Hardangerlokk

Eit halvår etter lanseringa av Kvammalokk hadde åtte kunstnarar flytta til Kvam herad. Seks av dei slo seg ned i Ålvik. I dag har åtte kunstnarar fast arbeidsstad i Kunstnarhuset Messen. I 2011 skal det i tillegg vere opptil 5 gjestekunstnarar i huset samstundes. Kunstnarane arbeider innan disiplinar som biletkunst, arkitektur, animasjon, litteratur og musikk.

Kvam si kunstsatsing er del av ei regional satsing på kunst og kultur. Ein stor aktør er Hardangerlokk, ein kunst- og kulturorganisasjon eigd av dei sju hardangerkommunane. Målet er å bidra til samfunnsutvikling gjennom aktivitetar innan alle kunstfelta. I styringsgruppa sit kultursjefane, representantar for det tverrfaglege kunstnarforumet Harding Puls og prosjektet Flytt til Hardanger.

Det seier sitt at Tusenårsstaden i Hardanger er eit kunst- og kultursenter, kunsthuset Kabuso i Øystese. Kabuso vert omtala som ”eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på eit profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute”. At ei regional og lokal satsing let seg foreine med eit ope blikk på verda blir òg understreka av at Hardangerrådet disponerer eit kunstnarhusvære i Berlin. Kvart år kan profesjonelle kunstnarar med tilknyting til regionen søkje om opphald i Berlin. Hardanger har òg andre kunstnarstipend og gjestebustader for kunstnarar.

Folketalet har stige

Utviklinga i Hardanger har vore positiv dei siste åra. Frå 2009 til 2010 opplevde Hardanger ein uventa auke på 104 innbyggjarar, medan prognosen var ein reduksjon på 161 personar. God tilflytting frå utlandet skal vere litt av forklaringa. Kvam herad var ein av kommunane der ein reduksjon i folketalet var venta, men der ein i staden fekk ei positiv utvikling. Frå botnpunktet i 2008 til 2011 har Kvam hatt ein folketalsauke på 232 innbyggjarar (jf. Statistisk sentralbyrå og Hordaland fylkeskommune). Kanskje kjem noko av tilflyttingsbonusen av at hardingane har sett kunst og kultur i høgsetet?