Fagområde: Næringsutvikling

Fugletitting kan skape verdiar

Prosjektet Sørnorsk kystnatur viser at med god tilrettlegging kan ein bruka naturen som verdiskapar. Styrking av kompetansen på fugleobservasjon er eit døme på korleis.

Fugleobservatorium for alle

Trond Rafoss, prosjektleiar i Sørnorsk kystnatur, arbeidar for at naturen kan takast i bruk som verdiskapar. Eit konkret resultat av prosjektarbeidet er det nye fugleobservatoriet ved Lista Fyr, som prosjektet har fått reist med støtte frå Sparebankstiftinga DNB.

Bygget er spesialdesigna for observasjon under ekstremt vêr, og gir plass til mange fugle- og ekstremvêr-interesserte på ein gang. Det får også ei universell utforming, slik at også rullestolbrukarar kan ta bygget i bruk.

-Vi gledar oss til opninga av fugleobservatoriet den 1. april, og ser på dette som eit viktig tilskot for tilrettelegginga for fugletittinga her på Lista, seier Rafoss.

Naturfagleg kompetanse og formidling

Prosjektleiar Rafoss er spesielt oppteken av å finne folk med naturfagleg kompetanse som samstundes er gode formidlarar. I tillegg til fugleobeservatoriet, har prosjektet samarbeida med Norsk Ornitologisk Forening om å tilsetja ein naturveiledar i heil stilling i to år framover. Thomas Bentsen – lærar og hardcore amatørornitolog – er nyleg tilsett i stillinga. Målsetjinga er at denne stillinga på sikt skal driva seg sjølv på ein kommersiell og berekraftig måte, i samarbeid med reiselivsnæringa.

Naturveiledaren sine arbeidsoppgåver er mellom anna å driva formidling av natur og fugleliv på i heile Lister-området, og å utvikle attraktive møteplassar for natur- og fugleinteresserte.

Mange delprosjekt

Sørnorsk Kystnatur består av 15 delprosjekt i kommunane Lyngdal, Kvinesdal, Flekkefjord og Farsund, og går frå 2009 ut 2013.

– Sjølv om vi har fått til konkrete resultat så langt i prosjektet, er det mange større og mindre paralelle prosessar som skal landast for å nå måla i alle delprosjekta. Fleire prosjekt har kome seint i gang fordi ein ikkje har kome til semje med mellom anna grunneigarar og andre interesseorganisasjonar. Men dialogen med grunneigarane har no blitt betre etterkvart som prosjektet har fått tid til å modne, og det er all grunn til å sjå optimistisk på starten av avslutningsåret for prosjektet, avsluttar Rafoss.

Sørnorsk kystnatur er ein del av programmet Naturarven som verdiskapar. Distriktssenteret vil i løpet av 2013 gjennomføre fleire kartleggingar av dei prosjekta som er med i programmet.