Fagområde: Omdømme

Det er god mat i eit godt omdømme

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

98 prosent av alle nordmenn veit kven Arne Brimi er. Meisterkokken er blitt eitt av Vågå og Lom sine sterkaste omdømmekort.

98 prosent av alle nordmenn veit kven Arne Brimi er. Meisterkokken er blitt eitt av Vågå og Lom sine sterkaste omdømmekort. Det er fleire nordmenn som forbind Arne Brimi med heimkommunen hans Vågå enn Beseggen. Det er faktisk fleire som forbind Arne Brimi til nabokommunen Lom enn Galdhøpiggen også.

– Pussig

– Det er litt pussig det der. Eg har aldri vore opptatt av at det er eg som person skal vere kjend. Målet mitt har vore å få fram mine tankar om mat og matkultur, og ikkje minst filosofien om ”naturens kjøken”. Det har eg lukkast med ved hjelp av min person og gjennom å presentere ein heilskap der alt frå lokal matkultur og gode råvarer, til Lom og Vågå inngår i pakka, seier Arne Brimi.

– Ser du på deg sjølv som ein omdømmebyggjar?

– Ja, det gjer eg. Eg har vore nøydd til jobbe bevisst for å bygge opp eit omdømme for at folk skal ta bryet med å legge turen til Vågå for å smake på vår mat.

Alle veit kven Brimi er

Brimi har ikkje gjort noko på slump i sitt eige omdømmearbeid. Med jamne mellomrom gjennomfører han mellom anna undersøkingar som syner kor stor kjennskap det norske folket har til namnet og personen hans. Ved siste måling visste heile 98 prosent av den norske befolkninga kven Arne Brimi var.

– Eg går ikkje rundt og har høge tankar om meg sjølv. Men denne kunnskapen er viktig for både verksemda mi og for filosofien min. Innhaldet i ”naturens kjøken” endrar seg over tid, og difor er det viktig for meg å vite kva folk veit om meg og det eg held på med.

Sjalottlauk og dialektbruk

Alt på 80-talet, lenge før kortreist mat, slow food og norske råvarer var blitt hipt og trendy, introduserte meisterkokken filosofien ”naturens kjøken” for det norske folk. Seinare blei både han og filosofien for alvor landskjend då han reiste verda rundt med Vegard Ulvang, Bjørn Dæhlie og Arne Hjeltnes i ”Gutta på tur”.

I den populære TV2-serien sette han Vågå, Lom og heile Gudbrandsdalen på kartet gjennom sine kokkekunstar, sin person og ikkje minst dialekten sin. Det var ikkje mange hobbykokkar som unngjekk å prøve ”sjalottlauk” på kjøkenbenken heime. – Dialekten min har vore heilt avgjerande for å lukkast med merkevara Arne Brimi. Ein tydeleg dialekt er med på å gi deg identitet, seier Brimi.

Styrkar kommunen sitt omdømme

Ordførar Rune Øygard i Vågå er ikkje i tvil om at Arne Brimi har medverka til å styrke kommunen sitt omdømme. – Vi har to kjende personar som begge er sterke omdømmebyggjarar for Vågå. Den eine er fotograf Morten Krogvold som held alle kursa sine her, og som er i ferd med å bygge sitt einaste galleri hjå oss. Den andre er sjølvsagt Arne Brimi, seier ordføraren, som er stolt over at nordmenn forbind meisterkokken med kommunen.

– Arne står for verdiar som vi ønskjer å bli identifiserte med. Han dyrkar eit entreprenørskap som det er viktig å syne fram for omverda, og han engasjerer seg i lokalsamfunnet. Lokalsamfunnet er ikkje blitt for lite for han, seier Rune Øygard. Ordføraren trur også Vågå har vore viktig for Arne Brimi.

– Han brukar lokale råvarer og dyrkar lokale tradisjonar. Totalproduktet hans har blitt styrka gjennom å ha Vågå og Jotunheimen som kulissar. Det er med på å gi han truverd, og hevar opplevinga han tilbyr. Arne har lukkast å utvikle ein kvalitet som ikkje kan flyttast, men som ein må reise hit for å finne, seier Øygard.

Bryt ned kommunegrensene

Arne Brimi har eit klart råd til kommunar som arbeider med omdømme: Bryt ned kommunegrensene og samarbeid på tvers. – Eg er heilt sikker på at store summar med offentlege midlar og potensielle arbeidsplassar blir sløsa bort fordi mange kommunar i Distrikts-Noreg ikkje er flinke nok til å tenkje samarbeid på tvers av kommunegrenser. Skal ein lukkast med omdømme- og utviklingsarbeid nyttar det ikkje å seie stopp, berre ein passerer ei linje. Ein må tenkje heilskap, seier Arne Brimi.

Balansegang

Ordføraren i Vågå er samd. – Vi kan aldri bli flinke nok til å samarbeide, og eg meiner vi heile tida må strekke oss etter å setje innbyggjarane framfor kommunegrensene. Samstundes er det ein utfordrande balansegang, fordi folk føler ofte ein sterk identitet knytt til heimkommunen sin. Men det er ikkje tvil om at dersom ein kommune lukkast med ei etablering, så kjem det som oftast nabokommunen til gode også, seier Øygard.

Om Arne Brimi

Arne Brimi er frå Vågå i Gudbrandsdalen og driv mellom anna matstaden Vianvang i heimkommunen. I 2005 blei han utnemnd til riddar av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk matkultur. Brimi er utnemd som æresdoktor ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i Ås.

Kokken, som blei landskjend gjennom TV-serien ”Gutta på tur”, har gitt ut fleire kokebøker.

www.brimiland.no