Fagområde: Omdømme

Designlandet Stryn

BuiStryn Designlandet er ei satsing der ein vil bruke design som verkty for å utvikle bu- og arbeidsmarknaden i Stryn kommune.

Med langsiktige effektmål om at ein skal få ”lyst å bu, lyst å høyre til og lyst å skape”, vil dei i Stryn bruke design som strategisk verktøy for stadutvikling. -Design er eit kraftfullt virkemiddel i endrings og utviklingsprosessar og dette er ei fantastisk mulegheit for Stryn til å ta posisjon som Designlandet, seier prosjekleiar Wenche Flølo i Farmhouse.

Design som verkty i stadutvikling

Hovudmålsettinga er å skape ein modell for designdriven stadutvikling, der ein gjennom dei neste åra skal skape produkt og/eller tilbud som skal utviklast og vidareførast på ein bærekraftig måte. Design er ei viktig drivkraft for framtida og vil vere avgjerande for posisjonering av både lokalsamfunn og bedrifter. Designmetodikk kan nyttast av alle i svært mange samanhengar, og det er viktig å auke kunnskapen og formidle verdien av dette.

– Vi ynskjer å systematisere aktivitetar for å gi stimulans til utvikling av ei næringsklynge innan design, seier Flolø. -Her ønskje vi at  ”Design Stryn” skal vidareutvikle sitt nettverkssamarbeid som del av bulyst satsinga. Vidare skal vi også ha fokus på at det prosjektet tilbyr skal vere av allmenn verdi, der kreativ kunnskap vil vere ein viktig innsatsfaktor.

Gründerbygd med Design som varemerke

Stryn kommune har lange tradisjonar innan design, og har såleis eit godt fundament for  prosjektet. Bedrifter med fokus på design, som mellom anna Moods of Norway, Ricco Vero, Skogstad Sport, Farmhouse, Sacco of Norway, Tonning, Vidre og Hagen, er blant dei mange som gir eit godt utgangspunkt for dette arbeidet.

Gjennom forprosjektet har prosjektgruppa kartlagt faktorar som er viktig. Dei har fanga engasjementet knytt til design og sett korleis dette er noko både innbyggarar, næringsliv, skular og barnehagar i Stryn kan kjenne seg att i og vere stolte av.

Kreativitet og designglede

Kreative forum, workshops og research har vore og vil også framover vere viktig i arbeidet. Ein rekkje aktørar har vore involvert, noko som har gitt mange idear om kva som er viktig for bulyst. Det har vorte arrangert workshop for designarar, både innad i bedrifta Farmhouse og blant eksterne miljø. Prosjektet har hatt møte med Fylkeskommunen og kreative samtalar med styringsgruppa og nøkkelpersonar, i tillegg til folkemøte. I arbeidet har dei brukt kreative metodar og teknikkar for å auke idètilfanget.

Gjennom nettverksprosjektet Design Stryn, som også er ein del av Bulyst satsinga, kom designgleda til uttrykk for fullt gjennom eit designhus som vart teikna av studentar tilsett i Farmhouse sitt sommerbyrå. Huset var ein fellesstand for profilering av nettverksbedriftene – og med stor suksess. Alle bedrifter  deltok i bygginga av huset, som består av råmateriale og interiør henta frå Stryn. Byggeprosjektet vart ein illustrasjon på samarbeidsviljen som eksisterar i kommunen.

Design ambassade

I det vidare arbeidet planlegg ein å byggja om det gamle kommunehuset til ein Designambassade. Her skal bedrifter som arbeider med design kunne etablere seg, samtidig som det skal vere ein møteplass for innbyggarane. Det er eit ønskje om at ambassaden skal vere eit kreativt hus, eit opplevelsessenter, kor ein med bruk av design mellom anna kan vise historier, vere ein turistattraksjon og utvikle ein Designlab som kan brukas av skuler, barnehagar, næringsliv og folk flest.

”Skal`ere”

– For å lukkas er det viktig å vere ”skal`ere”. I Stryn går vi heilhjerta inn for å lukkast. Vi SKAL få til ting, understreker Helge Gjørven i Stryn Næringshage.

Aktørane knytt til forprosjektet har vist stort engasjement. Blant anna har styringsgruppa vore aktiv, kor både kommunen, Stryn Næringshage og privat næringsliv har vore representert.

– Det er fantastisk at kommunen har engasjert seg slik dei har gjort, seier prosjektleiar Wenche Flølo.

Vegen vidare

Prosjektet har komme fram til ei rekkje idear om korleis ein kan bruke design i utviklingsarbeidet i Stryn kommune. Dei påpeikar at kunnskap, FoU, utfoldelse og samarbeid vil vere viktig i samband med designdriven distriktsutvikling.

Prosjektleiar Wenche Flølo gir ein god beskrivelse av kulturen i Stryn, og trekk fram skaparkraft, stoltheit, samarbeid, lite rom for jantelov, stor takhøgde for prøving og feiling og toleranse. Distriktssenteret har sett at dette er suksessfaktorar som er viktige for å lykkast i lokalt utviklingsarbeid. Vi meiner at langsiktig arbeid er ein føresetnad for å oppnå effektar i vidareføringa av forprosjektet. Dersom dei som lokalsamfunn klarer å samlast om design som ein ressurs for utvikling, er dette eit spennande utgangspunkt for arbeid med omdømme, etablering av nye arbeidsplassar, tilflytting og vekst i Stryn kommune.

I haust vart det klart at forprosjektet har gitt utteljing i eit hovudprosjekt, då dei fekk tildelt 1,8 millioner i Bulystmidlar. Distriktssenteret vil følgje spent med i det vidare arbeidet.