Fagområde: Tilflytting

Dei nye trekkhundane i distrikta

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

I jakta på nye innbyggjarar tilset distriktskommunane optimistar, skaparar, losar og samfunnsutviklarar. Kommunar over heile landet syner stor kreativitet.

I Tysnes kommune i Hordaland har dei samfunnsengasjerte Tron Bach. Bach vart tilsett i stillinga som samfunnsutviklar i januar 2008. Då var dei 2773 tysnesingar. Prosjektgruppa 3012 har ei klar målsetting om 3000 innbyggjarar innan 2012. «Trekkhunden» i Tysnes kan telje 20 fleire tysnesingar ved utgangen av tredje kvartal i 2008.

Ga kultursjokk

– Eg ønskjer at 3012 skal vere meir enn eit toårig stunt, seier han til Bergens Tidende (19.12-08). Leiaren for gruppa, den pensjonerte handelsmannen Kjelle Brekke, innrømmer at samfunnsutviklaren førte til eit aldri så lite kultursjokk.

Tenkjer for smått

– Den tysnesiske tenkinga har vore rotfesta gjennom 40 år. Ein tenkjer for lite stort og innovativt. Særleg har det prega kommunen og rådhuset. No er det i ferd med å løyse seg opp, seier han til Bergens Tidende.

Gudegaidar i Tysnes

– Eg troppa opp i bygdelag, bedrifter og skular og sa: Hallo, her er Tysnes kommune. Kva kan vi gjere for dykk? Å få i gang ein slik dialog er i seg sjølv medisin. Eg har hatt masse nedturar, masse glede og fleire sigrar, seier Bach. Ei av dei stor gledene opplevde han då han delte ut roser til fem dåpsbarn.

Rugekasse for gründerar

Mange ballar er framleis i lufta, medan andre er tekne ned. I sommar opnar dei «Sykkelstreif i Njardarlog», skulelevar har fått undervisning i Ungt Entreprenørskap, ein rugekasse for unge gründerar skal kome på plass i løpet av året og kommunen har fått eige slagord: «Framtid på historisk grunn. Gudeøya Tysnes». Det er funne spor av gudedyrking og heilage område fleire stader på øya, og denne historia dreg tysnesingane nytte av i moderne tid. Turistguidane vil bli kalla «gudegaidar».

Viktig med rette slagordet

– Vi har hatt ein lang, inkluderande og open prosess for å finne fram til det rette slagordet, seier Bach som føler han har vore ein mentor gjennom heile livet. Tidlegare for sine eigne verksemder, no for fellesskapet.

Like før jul vart tiltaksrapport for eit opplevingssenter med romartida som tema, lagt fram. – Det er heilt nytt og kan bli spennande, spår Bach som har månadlege møte med prosjektgruppa på sju personar.

Fakta

Tiltaksprosjekt 3012 har eit ønskjemål om 3000 innbyggjarar i Tysnes i 2012.

Betre samarbeid og samhandling mellom kommune, bygdelag, næringsliv, hytteeigarar og innbyggjarar er metoden.

Ifølgje finansieringsplanen kostar prosjektet 2,8 millionar kroner. Hordaland fylkeskommune har gitt 1,2 millionar kroner i tilskot. Kommunen og det lokale næringslivet bidreg med resten.

Ulike måtar å løyse jobben som samfunnsutviklar

Saltdal kommune i Nordland tilsette dei ein «optimist». – Eg kan ikkje gå på jobb utan å vere optimist, seier Sverre Breivik. Han legg til at dette er verdas mest spennande jobb. I bygda som er kjent for «Alt for Rognan», gjer han alle moglege framstøyt for å fremje aktivitet og interesse for kommunen.

Eidfjord kommune i Hordaland har Lisbeth Bygstad vore samfunnsutviklar sidan hausten 2007. Hardangerkommunen med berre 950 innbyggjarar sleit med avfolking. Det siste året har 19 nederlendarar og tyskarar flytta dit.

– Menneska som bur her er vår viktigaste ressurs, seier Bygstad som ser på sin viktigaste oppgåve å få innbyggjarane i tale. Både unge og gamle er blitt spurt om deira ønskje for Eidfjord. Deretter skal arkitektar utvikle ein plan for fysiske endringar i kommunen.

I Ulvik kopierer dei nabokommunen Eidfjord. I desember 2008 vart ein bygdeutviklar tilsett. Jondal fekk i 2008 offisiell status som nasjonalparklandsby. I haust vart ein landsbylos tilsett, og kommunen fekk som den første i landet eit eige landsbykontor.

– Gjennom slike prosjekt blir det sett i gang tankar, diskusjonar, folk blir medvite på identitet og motverkar jantelov. Det er veldig sunt å få slike diskusjonar internt i kommunar, seier Hilde Indresøvde, seniorrådgivar i næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune. Ho har ansvaret for omstillingsprosjekt i både Hardanger, Tysnes og Masfjorden. (Kjelde: BT, 19.12-08)