Fagområde: Stedsutvikling

Bygda som fekk operahus

– Dei har sett at namnet var noko av det luraste dei har gjort, seier Kari Pavelich om Operahuset Nordfjord, som har gitt Eid ny skule, bibliotek og ein spesialbygd kultursal.

Det er ikkje gitt at ein tettstad med 2700 innbyggjarar har eit eige operahus. Ein kreativ rektor og ordførar, modige folkevalde og eit driftig musikarpar har æra for at hundrevis av tilskodarar kvar haust kan oppleve opera i ein fin og romsleg sal med glimrande akustikk.

Sunnmøringen Kari Pavelich, i dag operasjef, kom til Eid frå USA i 1989. Michael og Kari vart rektor og lærar i musikkskulen. På nittitalet byrja dei å setje opp operaer med ei blanding av profesjonelle songarar og dyktige amatørar. I same periode vart planar om kulturhus drøfta, men skrinlagde fordi kommunen mangla midlar. Opera Nordfjord fekk etter kvart tilskot over statsbudsjettet, men det vesle operaselskapet heldt fram med å setje opp opera i leigde lokale på folkehøgskulen.

Sambruk og samarbeid

Vinteren 2003 vart operasjefen informert om nye planar. Den dåverande ordføraren og rektoren ved Eid vidaregåande skule såg føre seg eit nytt bygg finansiert som eit spleiselag – ei samlokalisering av skule, bibliotek og kino.

– I samband med det, ville dei vite om eg kunne tenkje meg ein operasal, smiler Opera Nordfjord-sjefen.

Ein modernisert vidaregåande skule var utgangspunktet då fylkeskommunen, kommunen og staten gjekk saman om eit nytt bygg. I 2009 opna det flunkande nye Operahuset Nordfjord, som romma alle dei etterlengta fasilitetane. Tak og vegger er utforma slik at akustisk musikk kan høyrast i heile salen, og det er plass til 540 tilskodarar. Utforminga vart bestemt etter brei medverknad, og for operaen var det viktig å bruke pengane på god akustikk. Alt som var unødvendig vart valt vekk.

Kvar haust set Opera Nordfjord opp opera. I to-tre hektiske veker, medan kjende songarar ruslar i Eidsgata og frivillige i alle aldrar syr kostyme og smørjer brødskiver til kveldsprøvene, gir vidaregåande avkall på klasseromma. Dei ligg nemleg vegg i vegg med scenen for å kunne fungere som opphaldsrom for songarane, såkalla greenroom, i operasesongen. Ulempa blir kompensert ved at elevane er med på produksjon av rekvisittar og kulissar. I skulen sine årlege skulemusikalar, brukar dei kompetansen i operahusmiljøet og får arbeide med sin eigen profesjonelle regissør, Michael Pavelich.

– Ei ekstremt vellukka samlokalisering, meiner ordførar Alfred Bjørlo.

Ein politisk dugnad

Frå ideen vart fødd til Operahuset Nordfjord stod der, gjekk det seks år. Det første steget var å setje ned ei gruppe. Så tok kommunestyret i Eid opp saka. Eldsjelene bak prosjektet stod på for å informere folkevalde om planane og hauste støtte. Dei stilte opp på fylkestinget, møtte stortingsbenken i Sogn og Fjordane og hadde møte med dei ulike partigruppene. Både kulturdepartementet og fylkestinget gav konkrete råd om søknadsskriving. Den største kneika var å vinne innpass på statsbudsjettet. Kriteriet for innpass, var at byggjeprosjektet fekk høgste prioritet i fylkeskommunen. Til slutt lukkast dei.

– Det er slik eit demokrati skal fungere, seier operasjefen om prosessen. Alle partia i Eid valde å støtte prosjektet frå starten av, og Kari Pavelich rosar politikarane for innsatsen.

– Det er flott å bli heia fram. Mange tek æra for resultatet, og mange deler på ho, for fleire parti gjorde det same. Prosessen var ein politisk dugnad.

Operahuset Nordfjord i Eid kommune – eit resultat av nytenking og uvanlege alliansar. (Foto: Øystein Torheim)

Men kvifor ”operahus”?

Ingen går ustraffa frå å ønske seg operahus i ei vestlandsbygd. Lokalavisa Fjordabladet formidla reaksjonar frå skeptiske innbyggjarar.

– Sjølvsagt kom det ein del innlegg om at dette var for fiffen. Opera vart sett opp mot gatelys og sjukeheimsplassar, seier Kari Pavelich. Kritikken gjekk stort sett på at det som skulle kome, var eit tilbod til dei få.

– Dei forstod ikkje at dette er eit hus for alle. Omfanget av alle slags konsertar, dans og andre arrangement har eksplodert etter at huset kom.

Det var Kari Pavelich som føreslo for interimstyret at namnet måtte innehalde ordet operahus. ”Det gjeld å skilje seg ut frå mengda”, sa Kari den gongen, og vann fram. I dag er ho sjeleglad for at bygget ikkje heiter Eid kulturhus, sjølv om det er eit hus for alle kunstartar.

– Namnet får ikkje folk til å la vere å sjå ei førestilling der barnebarnet deira opptrer. Kva var det dei var så redde for? Statuttane seier at huset er for alle kunstartar. Det spesielle er at bygget husar ein opera ein månad i året.

Bygget har lukkast med å skilje seg ut, både i Noreg og internasjonalt. I 2009 vart Kari Pavelich invitert til ein nordisk arkitekturkonferanse der 10 av 40 nye scenekunsthus i Norden blei presenterte. Professoren som kontakta ho, hadde fått assistenten sin til å google ”operahus”. Blant treffa fann han noko merkverdig – eit operahus ute på den norske bygda.

Ei ny tidsrekning

Kari Pavelich snakkar om ei ny tidsrekning – før og etter operahuset. Om talentutvikling, karakterbygging og born som får stå og glitre på scena, og korleis Eid er blitt ein meir attraktiv kommune. Ordførar Alfred Bjørlo er av same meining.

– Det har betydd enormt mykje. Operahuset er blitt eit kraftsentrum, eit bygg for alle, og det er i bruk døgnet rundt. I tillegg skjer det knoppskyting rundt operaen. Nye miljø veks fram, rockskule, arrangørskule og eit dansemiljø. Dessutan kjem alle som veks opp i Eid til å stå på scena i operahuset i løpet av skulegongen sin.

– Er det noko spesielt ved Eid som gjer at ein samarbeider så godt og får til så mykje?

– Vi har alltid hatt eit godt samhald og sterk dugnadsånd. Eid har eit av landets eldste idrettslag, ei 130 år lang korps- og orkesterhistorie og har vore skulestad sidan 1850, seier ordføraren, og tenkjer etter.

– Men ein viktig ting Eid har gjort, er å sleppe til innflyttarane. Folk har møtt dei med opne armar og slutta opp om det dei kjem med. Det har vore lov å kome utanfrå med store draumar og idear på kulturfronten.

Stikkord:
Steder: