Ambassadørskule skaper eldsjelrevolusjon i Eidfjord

– Det er god stemning og mykje positiv energi i Eidfjord for tida, seier samfunnsutviklar Lisbeth Bygstad Celik. Målet er å involvere alle innbyggjarane i ambassadørskulen.

I januar 2010 var det registrert 958 innbyggjarar i hardangerkommunen, som profilerer seg som ein kommune ”unik frå fjell til fjord”. Med tittelen ”1000 hjarter i brann – eldsjelrevolusjon!”, signaliserer dei at dette er ein jobb for alle som bur i kommunen, og nokre utanfor.

Utfordringar for liten kommune

– Etter å ha vore prega av både oppturar og nedturar, er no Eidfjord inne i ein periode med folkevekst og nyskaping. I ein liten kommune blir ting fort personlege, og konfliktar kan hengje i i lang tid, men no har vi funne grep som kan få oss til å jobbe saman mot eit felles mål, seier Bygstad Celik, som flytta til kommunen for tre år sidan.

Bygda sin eigen ambassadørskule

Grepa ho tenkjer på er ambassadørskulen som involverer alle fastbuande; frå barnehage, skuleelevar, kommunestyre og dei eldre eidfjordingane. – Der skal dei som kan noko, og vil noko, få utdanna andre i det dei tykkjer er viktig. Målet er å løfte fram eldsjelene, samstundes som vi skal bli flinkare å informere kvarandre om dei flotte tiltaka som finst i kommunen. Det vil gjere oss alle meir medvitne på det gode vi har i kommunen.

Ambassadørskulen har fire trinn:
Grunnutdanninga er eit tilbod til små og store ungar. – Vi vil ha ein lokalorientert og praksisnær grunnskule som utdannar flotte, positive og kunnskapsrike ambassadørar for kommunen. Når dei reiser ut for vidare utdanning, er dei stolte over bygda si, og med eit ynskje om å kome attende. Gjennom små føredrag i skulen skal ungane få møte folk, frå eige nærmiljø, som gjer spennande ting og som tenkjer nytt.
Vidareutdanninga er retta mot folk i førstelinetenestene i kommunen; butikktilsette, guidar, kommunetilsette og servicearbeidarar. Her skjer det i form av inspirasjonssamlingar, uhøgtidlege konkurransar og premiering for ”mest løysingsorienterte ambassadør” og andre påfunn til inspirasjon.
Bachelorgrad er for kommunepolitikarane. Det er ei meir utfyllande utdanning for korleis ein kan gjere seg nytte av og synleggjere dei positive sidene ved å bu i Eidfjord. Her kan folk frå ulike miljø i kommunen kome og informere om kva dei tykkjer er viktig, typisk og bra med Eidfjord – frå deira ståstad. Ti minuttar av kvart kommunestyremøte er sett av til ambassadørførelesinga. Politikarane må opp til eksamen i 2011, der dei må svare på spørsmål frå førelesarane. Svara vil bli publiserte – anonymt.
Mastergrad er ein høgare utdanning for ordførar, rådmann og andre som ofte er ute og representerer Eidfjord kommune. Dette er ei opa linje inn til dei som snakkar mykje om Eidfjord; ei slags idémyldring i lag med dei som avgjer noko i kommunen. Mastergradsoppgåva er å systematisk stille seg tilgjengeleg for samtalar med innbyggjarane.

”Nesteninnbyggjarar” – ein ubrukt ressurs

Eidfjord kommune er ein stor hyttekommune, og har mange av det dei kallar ”nesteninnbyggjarar”. – Hyttefolket er ein lite utnytta ressurs i lokalsamfunnet. Mange er generelt høgt utdanna, ressurssterke menneske med mange tankar om Eidfjord. Det vil vere positivt for heile kommunen om vi klarer å involvere både innbyggjarar og hyttefolk til felles innsats, og skape fleire eldsjeler, meiner samfunnsutviklaren.

Har bulyst, vil skape sterkare blilyst!

I tillegg til ambassadørskulen vidarefører dei arbeidet med tilflyttarprosjektet, med mellom anna utsending av ”tilflyttarmapper” med informasjon om kommunen.

I arbeidet har dei teke i bruk omgrep som får ein til å smile; dei skal ”hearthunta” folk og eldsjelene skal operere som eldsjelpyromanar. Dei har også opp for kommentarar ”rett frå hjarta” – frå folk i og utanfor kommunen, tilsette i kommunen, hytteeigarar og bedriftsleiarar for å få innspel til kva dei kan gjere betre.

Visjonen i omdømmearbeidet til Eidfjord er å skape eit levande, humørfylt og triveleg samfunn gjennom aktivt å jobbe med haldningane til eiga bygd.

– Målet vårt er å skape over tusen ambassadørar som jobbar aktivt og ofte for å fremje eit godt omdømme for Eidfjord kommune, seier ho og deler gjerne lærdom og tips med andre kommunar.