Fagområde: Bolig og bomiljø

På jordet i bustadpolitikken

Ein bustadsituasjon som hemmer lokal utvikling er vi ikkje tente med, verken nord eller sør for Sinsen.

Direktør i Selvaag bolig, Baard Schumann, uttaler til Dagens Næringsliv 4. oktober at bustadpolitiske virkemidlar i distriktsområde er misbruk av offentlege ressursar. Schumann reagerer på regjeringa sitt forslag om å etablere ei prøveordning med tilskot til bygging av utleigebustader i distriktsområde og grunngjev dette med at «det er allerede nok av tomme boliger i distriktene». Ei noko unyansert forståing av dagens bustadsituasjon.

For sjølv om bustadbehovet framover vil vere størst i folketette område som Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland, så strekkjer bustadutfordringane seg vidt utover storbyregionane. Prognosesenteret (på oppdrag frå Boligprodusentenes Forening) konkluderer med at talet på bustader må auke i alle regionar, for å halde tritt med folketalsutviklinga fram mot 2020.

Tala frå analysa tilseier faktisk ei lita auke i unge vaksne som reknar å flytte vekk frå storbyen dei neste ti åra.

Samstundes er det klart at utfordringane med å få dekka bustadbehova som folk har, er ulike. Schumann er oppteken av at bustadpolitikken må fokusere på å få opp bustadbygginga i dei store byane og hjelpe unge og nyutdanna til å etablere seg i ein prispressa bustadmarknad. Dette speglar kun deler av biletet. Fleire område, i alle deler av landet, er kjenneteikna av ein ikkje-fungerande marknad. Her er manglande utleigetilbod ei særleg utfordring, fordi den økonomiske risikoen i slike prosjekt blir vurdert som stor, både hjå private aktørar og kommunen.

Og det er ikkje slik at det i desse områda, eller i distrikta generelt, fløymer over av ledige, brukande hus. Tomme kan nok mange av dei vere, ofte fordi dei blir brukte som feriehus. Eller at eigarane berre let dei stå tomme. Meir ledige blir dei likevel ikkje.

Spør du gründeren bak Lierne bakeri i Nord-Trøndelag, erfarer han at bustadsituasjonen er eit problem for verksemda og for nærings- og samfunnsutviklinga i Lierne generelt. Her er fleire verksemder, offentlege og private, i same situasjon.

Etter Distriktssenterets erfaringar er leigebustadproblema gjennomgåande og ofte knytt oppimot behovet for å ha tilgjengelege og gode bustadtilbod for folk som vil, eller vurderer å flytte til.

Det er også verdt å reflektere over at i område som er kjenneteikna av mindre, usikre og stagnerande bustamarknader, så er fritidsbustadmarknaden ofte større, både i volum og verdi. I slike samanhengar kan særskilde tilskotsordningar for til dømes bygging av utleigebustader ha effekt. Ikkje som virkemiddelet i ein heilskapleg bustadpolitikk for by og land, men for å stimulere og vere eit korrektiv til ein bustadmarknad i ubalanse. I det minste bør ulike løysingar prøvast ut, i samspel med private aktørar.

Opprinnelig publisert i Dagens Næringsliv 13.10.11

Stikkord: