Folk og telt (Foto: Erik Røed/Kysten er klar)
Folk og telt (Foto: Erik Røed/Kysten er klar)

Lat dei som er framtida få vera med å planlegga ho

Sogn Regionråd skal lage ny regionplan, og har starta jakta på å finne dei rette grepa for vekst i regionen framover. Bra! Kommunane i regionen står framfor ei felles utfordring: å oppretthalde folketalet, og aller helst oppnå befolkningsvekst!

Gi ungdommen plass i lokal samfunnsutvikling

Distriktssenteret har hausten 2012 fått ferdigstilt rapporten Ungdom og lokal samfunnsutvikling. Rapporten er ført i pennen av NIBR (Norsk by og regionforsking), og ser  på korleis ungdommen vert involvert i mellom anna lokalt utviklingsarbeid på fylkeskommunalt nivå. Den tek føre seg ordningar som er ”for ungdom” og ”med ungdom”. Felles for desse ordningane er at dei har som målsetjing at unge skal ynskje å bli gode ambassadørar, og kome attende til regionen.

Stor skilnad i arbeidsmåtar og involvering av ungdommen

Det er store skilnader på korleis dei ulike fylkeskommunane arbeider med ungdom og lokal samfunnsutvikling. Den ferske rapporten viser at enkelte fylke har opna for ungdom godt opp i 20-åra på ungdommens fylkesting. Andre fylke, til dømes Sogn og Fjordane, har ei øvre aldersgrense på 23 år. Distriktssenteret fekk i 2011 gjennomført  studien Bosettingsvirkninger av regionale traineeprogram. Denne viste at måten nye traineear vert tatt imot og integrert på skapar bulyst. Dette gjeld både sosialt og i arbeidslivet. Samstundes er ei av årsakene til at dei unge ikkje blir verande at dei i liten grad blir integrert og involvert i lokalsamfunnet. Det betyr at det på sikt kan lønna seg å i sterkare grad invitera unge vaksne til gode dialogar. Eit døme er Nord Trøndelag, der dei har ein open ungdomskonferanse der alle kan melde seg på, men der dei vil sikre seg retten til å ha representasjon frå ulike kommunar og organisasjonar.

Sogn og Fjordane får skryt

Sogn og Fjordane er eitt av fire fylke som i rapporten Ungdom og lokal samfunnsutvikling får skryt for måten dei involverer ungdom i lokalt utviklingsarbeid. Ungdom vert tekne med på råd, og får sjansen til å påverke og engasjere seg i utviklinga av fylket. Kan Sogn Regionråd ta lærdom av dette arbeidet, og ta denne lærdomen med inn i sin framtidige regionplan? Dei fleste av sognekommunane har i dag ungdomsråd som gir dei unge høve til å påverka og å bli høyrde på kommunalt nivå. Vi utfordrar med dette regionrådet til å samla ungdomskreftene på regionalt nivå. Dei kan henta inspirasjon både frå lokalt nivå, gjennom til dømes ungdomsråda, og på regionalt nivå frå det gode arbeidet som Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort gjennom fleire år.

På rekrutteringssida ser vi at Framtidsfylket er viktig verktøy i Sogn og Fjordane. Samstundes veit vi at både kommunane og regionrådet i Sogn på langt nær har nytta seg fullt ut av tenestene til Framtidsfylket. Distriktssenteret trur at eit selskap som har aldersgruppa 20-35 år som si hovudmålgruppe for rekruttering er eit viktig instrument for kommunane og regionrådet.  Spesielt når ein skal arbeide for sterkare involvering av ungdom i lokal samfunnsutvikling.

Korleis få til god dialog med ungdommen?

Distriktssenteret har sett fokus på ungdom og lokal samfunnsutvikling. Vi er ikkje i tvil om dei unge  vaksne må vera med på lagspelet. Difor vil vi utfordra regionrådet og kommunane i Sogn til å tenke igjennom tre spørsmål

  1. På kva arenaer og kva slags kanalar når ein ungdommen best ?
  2. Kva område er eigna til å involvera ungdom med tanke på å utvikla staden dei bur på positivt ?
  3. Kva for metodar og prosessar er best eigna til å involvera ungdom i lokal samfunnsutvikling?

Dersom vi verkeleg ønskjer at ungdom skal ha lyst til å bu i regionen også i framtida, er det ikkje nok å berre kalla dei for ”framtida”. Dei lyt også få vera med å planlegga ho.

Denne kronikken stod på trykk i Sogn Avis 25.09.2012

Steder: