Fagområde: Kommunereformen
illustrasjon kommunereformen

Kommunereform som demokratiløft

Alt før kommunereformen har lagt seg klar i startgropa, har mange kommunar teke turen ut i løypa for å finne ut kva dei kan få til og kven dei skal samarbeide med. Vi er ikkje overraska over at mange tenkjer veldig mykje på framtidig tenesteproduksjon og gløymer områda der dei kan hente store vinstar: samfunnsutvikling og lokaldemokrati.

Organisering av tenestene

Tenestene er i stor grad oppgåver kommunane må løyse. Det må dei også gjere om dei slår seg saman eller om dei finn andre samarbeidsformer. Uansett kvar innbyggjarane bur, må dei få skule, barnehage og helsetenester. Det er det lett å ta tak i. Ei eventuell kommunesamanslåing vil i stor grad handle om å organisere tenestene best mogleg. Det handlar mest om kommuneorganisasjonen og dei tilsette. Vi ser at det i stor grad er organisering av tenester som er hovudtema for utgreiingane kommunane no set i gang når dei skal vurdere kommunesamanslåing.

Lokal tilknytning og identitet

Kommunen har også ansvar for å vere samfunnsutviklar og lokaldemokratisk arena. Dette er oppgåver som er mindre konkrete enn tenestene. Samstundes er det her kommunane har størst rom for å bli betre enn i dag. Det er desse oppgåvene som handlar aller mest om innbyggarane, lokal tilknytning og identitet.

Når vi i Kompetansesenter for distriktsutvikling ser nærare på dei sju kommunesamanslåingane vi har hatt i Norge sidan tusenårsskiftet, ser vi teikn til at det er dei som har involvert innbyggjarane som har fått det best til. Ramnes og Våle vart til Re kommune i 2002, og der vart innbyggjarane tekne med på råd. Der er dei nøgde. I begge kommunane var dei opptekne av å ta vare på sin identitet som landbrukskommunar. Kommunesamanslåingsprosessen vart brukt som ein lokaldemokratisk arena i seg sjølv. Identitet vart brukt som ei samlande drivkraft.

Ein lokalavisredaktør vi har snakka med har observert ein annan kommunesamanslåingsprosess på nært hald. Han tykte det var lett å gje råd om kva som skal til når ein skal få to eller fleire kommunar til å bli ein: – Det er innbyggjarane som skal slåast saman, ikkje berre ein administrasjon. Dei tilsette må kome i andre rekkje, det organisatoriske er det same som næringslivet møter når dei slår saman to verksemder. Det farlegaste, fortel han, er å ta identiteten frå innbyggjarane.

Innbyggjarane med på lasset

Lokalavisredaktøren har rett. Å byggje ein ny kommune, er ikkje å fjerne identiteten til innbyggjarane, det er å ta vare på den. I kommunar som vart slått saman på 1960-talet er det framleis sterk identitet knytt til dei gamle kommunane. Mange av dei er i dag aktive, livskraftige bygdesamfunn. Og kommunen fungerer godt som samlingspunkt.

Hugs det når de skal bestille utgreiingane om kommunestruktur. Tenester og tilsette er organisatoriske grep. Nøkkelen ligg i å ha innbyggjarane med på laget.

Dette innlegget har mellom anna stått på trykk i Stavanger Aftenblad og Adresseavisen 24.4.2014.