Vikebygd landskapspark sin visjon og målsetjing er å legge til rette for ei bærekraftig landbruksbasert næringsutvikling, samt sikring og utvikling av arbeidsplassar og trivsel i Vikebygd.
Hardangerfjorden
Vikebygd ligg på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, i Ullensvang kommune, med Folgefonna Nasjonalpark rett opp på fjellet over seg. Kulturlandskapet strekker seg frå fjorden, gjennom storslagen natur og opp til toppar over 1500 moh. Busetnaden er i stor grad konsentrert i klyngetun og små grender der landbruk og fruktdyrking er viktige næringsvegar.
Bustadprosjekt
Prosjektet skal lage ein plan for tenlege bustader for eldre i sentrum av Nå, med sikte på å få dei eldre ut frå gardane slik at ungdom og unge familiar kan overta og drive vidare. Prosjektet skal og vurdere om det er mogeleg å etablera kontorfellesskap/næringshage for småbedrifter.
Turisme
Vidare skal prosjektet styrke den eksisterande turistsatsinga, med utgangspunkt i det særmerkte landskapet i tilknyting til Folgefonna nasjonalpark, klyngetun og fruktdyrking, gjennom til dømes koordinering av turisttenester. Planen skal og handle om opprusting og vidareutvikling av strandsona i området, både i eit trivsels-, turisme- og turistsatsingsperspektiv.
Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).