Vefsna Regionalpark

Eit forprosjekt som skal utvikle beslutningsgrunnlag for oppretting av Vefsna Regionalpark. Regionen er eit nesten samanhengande naturvernområde på tvers av Norge, midt i Noreg.

Vefsna-regionen har spesielle nasjonale landskapskvalitetar, med Børgefjell og Lomsdalen-Visten nasjonalparkar, og det verna vassdraget Vefsna.

Fisk som naturressurs

Laks og fiske står sentralt i prosjektet. Ein ynsker å utvikla natur- og landskapsressursane ein har i innlandsfisket, og å gjenreise laksefisket i Vefsnavassdraget ved å etablere ein arena for naturbasert reiseliv. Tanken er at dette skal gje positive effektar på bulyst, helse, trivsel og turisme.

Vefsna Regionalpark

Tre kommunar vil samarbeide om utviklinga av Vefsna Regionalpark. Foto: Are Hasle.

Styrking av regionen

Kommunane i regionen, Grane, Hattfjelldal og Vefsn ynsker eit kommuneovergripande samarbeid om utviklingsarbeidet for elva, verneområde, natur, kultur og andre prosjekt. Dei ser behovet for samhandling for å få utvikla fleire arbeidsplassar, auka bulyst, meir synlegheit, styrka stoltheit og identitet.

Reiseliv

Eit av delmåla er å utvikla eit bærekraftig reiseliv med lokal tilknyting. Tanken er å satse på lokale mattradisjonar og råvarer, og på dei lokale og regionale småskalaprodusentane. Ein vil satsa på vertsskapsrolla og bygge ein felles arena med fleire årlege treffpunkt.

Vefsna Regionalpark er eitt av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet for norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).