Fagområde: Ung i Distrikts-Norge

Ungdomsforskar – ein metode for ung medverknad i kommunal planlegging

Gjennom prosjektarbeid og feltarbeid får ungdom innsikt i lokale utfordringar og moglegheiter, og bidreg med kunnskapsbaserte innspel til kommunen.

7 personer holder et innlegg. De står foran en storskjerm som er slått av. De fleste er ungdom. De to ungdommene som står helt til venstre holder opp en plakat. Det er ikke tydelig hva som står på plakaten.

Erfaringskonferanse på Hamn i Senja, september 2025. Næringsliv, forskere, ungdom, politikere og administrative ledere utvikler tiltak i arbeidet med KME.

Involver ungdom i kommunal planlegging

Ungdomsforskarmetoden gir ungdom ei aktiv rolle og eignar seg godt i planprosessar der kommunen ønskjer innspel frå ungdom, særleg når temaet er komplekst og ungdom treng meir kunnskap for å kunne medverke.

Ungdomsforskar-metoden gir ungdom verktøy til å forstå korleis store og overordna tema som klima, miljø, berekraft, heng saman med lokale effektar og lokale løysingar.

Kvifor bruke ungdomsforskar-metoden?

Barn har, i følgje barnekonvensjonen, rett til å bli høyrt i saker som vedkjem dei. I plansaker etter plan og bygningslova skal kommunen i tillegg legge spesielt til rette for medverknad frå barn og unge. Mange kommunar har stort engasjement for å lukkast med dette. Ofte blir unge involvert som «ekspertar på eigne liv», i plan og utviklingsprosessar som gjeld livet til barn og unge direkte.

Samstundes er det krevjande å få til reell ung medverknad, særleg i samansette sakskompleks, til dømes om samfunnsområde som klima, næring eller arealbruk. Sjølv om også dette er tematikk som har stor innverknad på livet og framtidsutsiktene til unge, kan det vere vanskelegare for unge å forstå kva innspel som er relevante. Ungdomsforskar-metoden gir ungdom relevant kunnskap og ei konkret rolle i slike planarbeid. Dei får utforske konkrete lokale eksempel på ein tematikk, møte aktørar og utvikle eigne meiningar. Dette gjer at ungdom kan kan bidra med innspel til kommunen, som er praksisnære, relevante og forankra i ungdomane sine eigne erfaringar frå lokalsamfunnet.

Eit viktig poeng er at ungdomsforskarordninga aukar ungdomane sin innsikt i prosessar i nærmiljøet og til lokalt arbeidsliv. Dette kan ha stor verdi ut over den kommunale planprosessen, og kan bidra til styrka stadtilhøyrsle, interesse for lokal samfunnsutvikling og langsiktig rekruttering til lokale verksemder.

Når passar metoden?

Metoden eignar seg godt i planprosessar der kommunen ønskjer innspel frå ungdom, særleg når temaet er komplekst og ungdom treng meir kunnskap for å kunne medverke. Ungdomsforskar-metoden gir ungdom verktøy til å forstå korleis store og overordna tema som klima, miljø, berekraft, heng saman med lokale effektar og lokale løysingar. Det å synleggjere dei lokale effektane kan verke engasjerande for dei unge, og slik bidra til å engasjere fleire.

Ungdomsforskar-metoden passar best for ungdom i ungdomsskule og vidaregåande, men kan tilpassast yngre barn med støtte frå lærarar og andre vaksne. Senja kommune har brukt metoden i arbeidet med klima-, miljø- og energiplan i 2023 og 2024, og har erfart at metoden gir både god læring og relevante innspel til planarbeidet.

«Vi må stille spørsmål om når er det interessant for et barn eller en ungdom å være med. Når det gjelder klima og miljø er de bekymret. De mener mye. Hvor det bygges vindmøller for eksempel, det betyr noe. Det kan bety noe for en 10 åring også. De må få være med, og oppleves som viktige bidragsytere»

– Ragnvald Storvoll, Drivkraftprosjektet i Senja

STEG FOR STEG
Slik gjennomfører du ungdomsforskar-metoden

1. Definer formål og problemstilling

Start med å avklare kva kommunen ønskjer å oppnå. Kva tema eller prosess skal ungdomane medverke i? Kva type innspel er det behov for? Formuler ei konkret bestilling til ungdomsforskarane, og tenk gjennom korleis innspela skal brukast vidare i planarbeidet. Vurder også kva aldersgruppe som er relevant, og om det er spesifikke grupper ungdom kommunen ønskjer å nå – til dømes yrkesfagelevar, elevar med lokal tilknyting eller ungdom med særleg engasjement.

Det er viktig at kommunen har ei klar forståing av korleis innspela skal nyttast.

  • Skal dei inngå i eit planutkast?
  • Skal dei presenterast for politikarar?
  • Skal dei brukast som grunnlag for vidare dialog?

Jo tydelegare formål og bestilling, jo enklare blir det å planlegge, engasjere ungdom og sikre at innspela blir relevante for kommunen.

2. Rekrutter ungdomsforskarar

Skulen er ein god arena for rekruttering, både fordi ein når breitt ut og fordi prosjektet kan knytast til undervisning. Ta kontakt med skulen tidleg, og knytt prosjektet til kompetansemål i læreplanen.

Engasjerte lærarar og rektorar kan vere nøkkelpersonar for å få til eit godt samarbeid og prosjekt. Andre lokale aktørar med kompetanse på barn og unge – som Ungt Entreprenørskap, kulturaktørar eller idrettslag – kan bidra med både rekruttering og fagleg innhald.

Rekruttering kan vere krevjande. Erfaringar frå Senja kommune viser at informasjonsmateriell som plakatar og brosjyrar ikkje nødvendigvis er nok. Personlege kontaktar og entusiasme frå lærarar kan vere avgjerande.

I Senja vart ungdomsforskarordninga integrert i undervisninga for ein heil yrkesfagleg klasse, og knytt til kompetansemål i Biologi 1. Dette sikra både deltaking og god fagleg forankring av prosjekt og feltarbeid.

3. Planlegg casearbeid og feltbesøk

Når ungdomane er rekruttert, kan kommunen og skulen planlegge casearbeidet i fellesskap. Identifiser relevante bedrifter, organisasjonar eller fysiske område for feltarbeidet.

Feltarbeidet skal gi ungdomane praksisnær innsikt i tematikken, og bør vere konkret. Avklar rammer og forventningar med aktørane, og tilpass opplegget til ungdomane sin alder og skulen sine rammer.

Det er viktig å ha dialog med dei som skal ta imot ungdomane på feltarbeid. Nokre bedrifter kan tilby praksis over fleire dagar, medan andre har kapasitet til kortare besøk. Avklar kva ungdomane skal få innsikt i, og kva dei skal undersøke.

I arbeidet med klima-, miljø- og energiplan i Senja kommune inngjekk kommunen avtale med 4 verksemder innan akvakultur. Kommunen gjennomførte eit møte med desse før avtalen vart inngått, der verksemdene fekk høyre meir om føremålet og ein vart einige om nokre felles rammer for feltarbeidet.

4. Gjennomfør feltarbeid

Feltarbeidet gir ungdomane innsikt i korleis eit tema speler seg ut i praksis. Dei får møte aktørar, stille spørsmål og observere, noko som gir ei anna forståing enn det ein får gjennom teori. Skulen bør sette av tid til både førebuing og etterarbeid, i tillegg til feltarbeid.

Ungdomane førebur seg gjennom prosjektarbeid på skulen, der dei set seg inn i tematikken og lagar spørsmål til feltarbeidet. I Senja inkluderte førebuinga fagdagar, der ungdomane fekk lære om ulike sider ved temaikken klima, miljø og energi, her tok dei mellom anna føre seg konfliktar mellom kraftproduksjon og reinbeite.

Feltarbeidet bør gjennomførast i grupper, som har førebudd seg saman. I Senja vara feltarbeidet ein skuledag. Dei hadde med seg førebudde spørsmål som dei skulle finne svar på ute i verksemdene.

5. Presenter innspel til planlegging.

Etter feltbesøket samlar ungdomane funn, reflekterer over kva dei har lært, og utarbeider konkrete innspel til kommunen sitt arbeid. Funn og innspel kan gjerne oppsummerast i ein plakat, enkel feltrapport eller ein presentasjon. Dei konkrete innspela til kommunen bør vere tilpassa bestillinga frå kommunen. Her

Kommunen bør legge til rette ein arena der ungdomane kan presentere sine innspel, til dømes ein arbeidsverkstad, eit innspelsmøte eller utstilling av plakatar på kommunehuset. Kommunen bør synleggjere korleis innspela blir brukt, slik at ungdomane opplever at deira bidrag har verdi og faktisk påverkar planprosessen.

Senja kommune arrangerte arbeidsverkstad der ungdomane presenterte sine funn for kommunen, bedriftene og andre deltakarar. Kommunen presenterte også planarbeidet sitt, og det vart lagt opp til diskusjon i grupper. Dette bidrog til ei felles forståing av planarbeidet, og ei oppleving av at ungdomane sitt arbeid var del av ein større samanheng.

6. Bruk innspela vidare i planarbeidet

Ei vanleg utfordring er at innspela frå ungdom ikkje blir godt nok integrert i kommunale planarbeid. Dette kan mellom anna kome av at innspela i nokre tilfelle ikkje er relevante nok og ikkje treff på tematikken i plan, eller det kan kome av at dei unge sine innspel blir nedprioritert i møte med andre omsyn.

For ungdom er det viktig å oppleve å bli tatt på alvor i den kommunale prosessen. Det styrkar opplevinga av medverknad og gir motivasjon for vidare deltaking.

Difor er det viktig at kommunen viser korleis dei tek omsyn til innspela, dette gjeld og der ungdomane ikkje får fullt gjennomslag i møte med andre omsyn. Kommunen bør svare ut innspela i planutkastet, og kan til dømes vurdere å lage eit eige kapittel om medverknad frå barn og unge.

Kommunen bør i tillegg gi ungdomane direkte tilbakemelding på korleis innspela har påverka planarbeidet – til dømes gjennom eit besøk på skulen, ei oppsummering i klassen eller ei digital melding.