Telemarkskanalen

Prosjektet «Verdiskaping basert på særprega natur- og kulturressurasr i kanallandskapet» skal utvikla samhandling mellom lokalsamfunn, næringsaktørar og offentlege aktørar i regionalparken.

Stor og mangfaldig

Telemarkskanalen er ein stor regionalpark som har alle typar landskap og opplevingar i seg. Frå det urbane i kanalbyen Skien, industri og industrihistorie på Notodden og Ulefoss via eit fruktbart jordbrukslandskap i midten og til relativt urørde naturområde i vest. Parken går gjennom kommunane Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kvitseid og Tokke som til saman har fleire næringsselskap, destinasjonsselskap, turistkontor og eit mylder av private og frivillige aktørar.

Samarbeidsplattform

Eit av hovudmåla er å utvikla regionalparken si rolle som samarbeidsplattform for å få alle desse kommunane og aktørane til å ha ei felles, langsiktig og målretta utvikling. For å få dette til vil ein mellom anna laga fellesarenaer, prosjektfora og nyhendebrev. Regionalparkkonseptet skal etablera ein fellesskapsfølelse hjå aktørane der alle tek ansvar for heilskapeleg utvikling. Det vil og verte sett fokus på ei felles vertsskapsrolle.

For å synleggjera at Telemarkskanalen regionalpark innheld langt fleire aktivitetar enn ein båttur på kanalen vil ein stimulera til å forma lokale attraksjonsklynger. (Foto: Midt - Telemark fotoklubb

For å synleggjera at Telemarkskanalen regionalpark innheld langt fleire aktivitetar enn ein båttur på kanalen vil ein stimulera til å forma lokale attraksjonsklynger. (Foto: Midt-Telemark fotoklubb)
Foto: Helge Lund

Fire nye attraksjonsklynger

For å synleggjera at regionalparken innheld langt fleire aktivitetar enn ein båttur på kanalen vil ein stimulera til å forma lokale attraksjonsklynger. Det er planlagd fire nye slike:

  1. Opplevingar i fruktlandskapet
  2. Sterke naturopplevingar
  3. Industrihistoria på Notodden
  4. Skien som Norges einaste kanalby.

Regionalparken si rolle her vert å starte prosessar, sørge for framdrift, læring og ideutveksling og profilering i det årlege Kanalmagasinet og nettsida Telemarkskanalen.no.

Tematiske nettverk

Sykling, vandring, padling, båtliv, fisking, lokal mat og kulturopplevingar er tema som er felles og bind regionalparken saman. Ved å samle aktørar med likearta tilbud og samarbeida systematisk er målet å auka attraksjonskrafta både til den enkelte aktør og heile regionalparken.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).