
Rollag og Veggli Frivilligssentral sitt KI-genererte bilde av Bygdebilen – eit populært tilbod.
Frivillig innsats er avgjerande for levande lokalsamfunn og gode velferdstilbod. Slik er det også i Rollag kommune. Her bidreg mange i lag og foreiningar, medan andre høyrer til den uorganiserte frivilligheita. Til dømes gjennom Rollag og Veggli frivilligsentral og Rollag ungdomsfrivilligsentral.
Velferdstilbod blir også utvikla og drive i samarbeid mellom frivilligheita og kommunen. Særleg gjeld dette tilbod knytt til omsorg, folkehelse og integrering.
Tverrsektorielle samarbeid – del av løysinga
Tverrsektorielt samarbeid er avgjerande for at innbyggjarane i Rollag har fleire gode velferdstilbod. Slike samskapande samarbeid blir peikt på som del av framtidas velferdsløysingar.
Men når offentleg og frivillig verksemd skal skape og drive saman, oppstår spørsmål og dilemma kring roller og ansvar. Særleg når frivillig innsats kjem tett på lovbestemte oppgåver.
- Kvar går grensa mellom kommunens ansvar og plikter, og frivillige bidrag som supplerer og utfyller?
- Korleis vil samskapinga påverke rolleforståinga og frivillig sektor si uavhengige stilling?
- Vil ei form for kommunal frivilligheit vekse fram, mindre fri og i konkurranse med foreiningslivet?
I Rollag byggjer det tverrfaglege samarbeidet på at innsatsen i frivilligheita skal supplere, ikkje erstatte kommunale ressursar. Sentrale føresetnader for at samarbeidet fungerer er felles mål, tydeleg rolleavklaring, og systematisk oppfølging av frivillige.
⇣ Kva meiner vi med samskaping?
Samskaping forstår vi som tverrsektorielt samarbeid der ulike aktørar, til dømes kommune, frivillig sektor, næringsliv og ofte innbyggjarar, utviklar og gjennomfører tilbod i fellesskap.
Målet er å skape meir verdi enn kvar aktør kunne gjort åleine.
Samskaping krev tydelege roller, avklarte grenser og kontinuerleg dialog.
Samskapinga i praksis – kva blir det samarbeidd om?
I Rollag gjeld det tverrsektorielle samarbeidet særleg aktivitetar og tilbod knytt til helse og omsorg. Til dømes:
- Matombringing til heimebuande
- Sosiale aktivitetstilbod til eldre
- Transporttilbod til dagtilbod og ulike aktivitetar
- Skulemat
- Våketeneste til døande og deira pårørande Mat til heimebuande – kvar dag, heile vekaSosiale møteplassar for eldre
Eit av dei mest omfattande tilboda er ordninga med utkøyring av varm mat til heimebuande, frå kjøkenet på Bygdeheimen.
Kvar dag køyrer frivillige ut mat i heile kommunen. Tilbodet gjeld for eldre, personar med nedsett funksjonsevne og andre med behov for spesialkost/diett. Ordninga er veletablert med planlagde vaktlister i halvårsturnus, og klare rutinar for oppgåvene.
Dagleg leiar ved Frivilligsentralen planlegg og koordinerer tilbodet, og har jamnleg dialog med tenesteleiar og med kjøkenet på Bygdeheimen.
Ni frivillige er faste sjåførar av ein base på totalt sytten frivillige. Sjåførane har ikkje godtgjersle for innsatsen utover dekning av transportutgifter til og frå oppmøtepunkt.
Tilbodet fungerer godt. Den frivillige innsatsen er formidabel. Oppgåva opplevast likevel overkomeleg og svært meiningsfull, fortel dagleg leiar for frivilligsentralen, Linda K. Abrahamsen. Positive tilbakemeldingar og opplevinga av at bidraget blir sett stor pris på, betyr mykje for dei frivillige.
Tilbodet har stor verdi for heimebuande. I tillegg til måltidet er dette gjerne det einaste sosiale møtet nokre av dei har gjennom dagen.
Ordninga er også til stor verdi for kommunen. Tilbodet fungerer på mange måtar som kommunens førsteline i førebygging og tryggleik for heimebuande.
Bygdebilen – nøkkelen til deltaking
Seniorane i Rollag har fleire tilbod med mat og sosialt samver:- Vaffelkos i storstova på Vegglitunet annakvar tysdag
- Møteplassen Rollag – måltid og aktivitet annakvar onsdag
- Fast lunsj og aktivitetar annakvar fredag

Foto: Irene Lislien
Skulemat og fellesskap på tvers av generasjonarFor innbyggjarar som sjølve ikkje køyrer bil, er transporttilbod avgjerande for deltaking. Dette er ei gjennomgåande utfordring i distrikta.
I Rollag har innbyggjarane eit populært tilbod gjennom Bygdebilen. Bilen blir brukt til ulike dagtilbod, turar og handleturar for seniorar, og til aktivitetar for bebuarar på sjukeheimen.
Bygdebilen er drifta av eit eige styre, med ansvar for å koordinere bruken av bilen, i samarbeid med dagleg leiar ved frivilligsentralen.
Kommunen brukar også bilen i samband med transport til dagtilbod og anna aktivitet.

Veggli. Foto: Jarle Øyberg
VåketenesteOgså born og unge nyt godt av stor frivillig innsats, med tilbod om gratis skulemat. Eit samarbeid mellom Rollag helselag, Rollag bygdekvinnelag og frivilligsentralen gjer at eit klassetrinn på Veggli skule får fast tilbod ein dag i veka. Skulen peikar ut klassen og legg til rette for det praktiske ved skulen, medan helselaget og bygdekvinnelaget står for sjølve mattilbodet.
Kommunen er indirekte samarbeidspart gjennom at dei frivillige organisasjonane får årleg økonomisk støtte til tilbodet, om lag 10 000 kroner. I tillegg bidreg Extra Veggli med 50% rabatt på kjøp av frukt og grønt.

Eit nyare døme på samarbeid i Rollag er tilbodet om våketeneste. Tenesta inneber eit tilbod til døande og pårørande om å ha nokon tilstades i livets siste fase. Det kan vere ei hand å halde i, eller hjelp med enkle gjeremål som avlastar pårørande.
Fleire stader, oftast i større kommunar, finst slike våketenester som tilbod gjennom Røde Kors. I Rollag er tilbodet utvikla og følgd opp gjennom frivilligsentralen og kommunens helse- og omsorgsteneste.
Tilbodet er svært godt motteke, og erfaringane so langt er gode. Pårørande er takknemlege og frivillige opplever bidraget svært meiningsfullt. Dei tilsette får meir tid til kjerneoppgåver.
Men slike tilbod reiser også krevjande spørsmål: Kor går grensa mellom medmenneskeleg omsorg og helsehjelp? Korleis sikre at frivillige ikkje tek ansvar dei ikkje skal ha? Kva ansvar har kommunen når frivillige er til stades i livets siste fase?
Tenesteleiar for omsorg og heimetenester i Rollag kommune, Vigdis Bergstøl Melby, er tydeleg på at tenesta ikkje erstattar, eller gjev frivillige ansvar for kommunale omsorgsoppgåver. Dette skal vere eit supplement. Frivillige som deltek får opplæring og tett oppfølging.
To frivillige er aktive i tenesta i dag, og til hausten startar kommunen og frivilligsentralen opp nytt kurstilbod.
Rollag kommune og frivilligsentralen held eigne kurs for frivillige i våketenesta. Det skal vere trygt og kjennast riktig å ta del i for alle partar, understrekar Melby.
Strategisk forankring
Samarbeida i Rollag er godt forankra, politisk og administrativt. Samfunnsplanen sler fast at gode samarbeidsprosessar mellom kommune, frivilligheit og innbyggjarar er avgjerande for å nå kommunens samfunnsmål, og det skal leggast til rette for samskaping. I revidert frivilligstrategi for 2025–2028 er frivillig innsats løfta fram som viktig ressurs for velferdstilbodet, og supplement til lovpålagde oppgåver.


Linda Kristina Abrahamsen, dagleg leiar Rollag og Veggli Frivilligsentral og Vigdis Bergstøl Melby, tenesteleiar i Rollag kommune, arbeider godt med forankring og samskaping i praksis.
Praksis blir prøvd ut i satsingar som Helseløftet og Aldersvennleg Rollag, som er viktige arenaer for utvikling av nye tilbod og arbeidsmåtar.
Informasjons- og mobiliseringstiltak blir ofte gjennomført i samarbeid, til dømes Innbyggarkveld. Her inviterer Frivilligsentralen og Rollag kommune ved helse og omsorg til informasjon og drøfting rundt bl.a forventningsgap, behov for omstilling av tenestetilbod og korleis innbyggjarane sjølve bør gjere gode valg for å kunne bu trygt heime.
Forankring direkte hjå målgruppene er også viktig. I Rollag har bl.a Seniorgruppa ei sentral rolle. Gruppa består av engasjerte seniorar, er ei ressursgruppe for frivilligsentralen og eit supplement til det kommunalt oppnemnde rådet for eldre og personar med funksjonsnedsetting.

Frivilligsentralen som organisatorisk bindeledd
Frivilligsentralen er ofte eit koordinerande bindeledd i samskapinga mellom kommunen, frivillige foreiningar og dei uorganiserte frivilligressursane. Det inneber til dømes at frivilligsentralen er informasjonspunkt og organiserer opplæringstilbod for interesserte frivillige.
Frivilligsentralen er også ein viktig part i samarbeidsdialogen – strategisk, og knytt til konkrete tiltak. Slik blir frivilligsentralen ein viktig føresetnad for at tilboda fungerer i praksis.
Som koordinator og støtteapparat for frivillig innsats og frivillige lag tek Frivilligsentralen på seg «arbeidet rundt», og gjer det enklare for frivillige å gjere det dei likar best: bidra til å drive aktivitet.
Frivilligsentralen i Rollag og Veggli er kommunalt eigd, med dagleg leiar i 100% stilling. Sentralen er samlokalisert med ulike kommunale tenester, i kommunehuset i Rollag, og i Vegglitunet på Veggli.
Samlokaliseringa opplevast som nyttig. Det er kort veg mellom frivilligsentral, bibliotek, opne møteplassar, omsorgsbasar, dagtilbod og kontor for heimetenesta. Det gjer det lett å fange opp behov og justere tilbod.
Å vere tett på, også gjennom samlokalisering, kan samstundes vere krevande. Det er avgjerande med tydeleg rolleavklaring og felles forståing av at samarbeid alltid må springe ut av prinsippet om «fri frivilligheit», som ikkje jobbar på bestilling frå kommunen.
Felles kompetanseheving, en viktig nøkkel
Melby og Abrahamsen har begge gjennomført etterutdanninga Frivillighet i eldreomsorg og rettleiarkurs for «Sistehjelp», i regi av Verdighetssenteret.
«Sistehjelp» gjev kunnskap om korleis støtte personar i livets sluttfase. Etterutdanninga Frivillighet i Eldreomsorg gjer kunnskap om samarbeid og avklaringar av roller, oppgåver og rutinar i samspelet i omsorgstenesta.
Melby saknar at fleire leiarar for helse- og omsorgstenester tek slik vidareutdanning. Med fleire eldre og kamp om kompetansen vil samarbeid med frivilligheita gjere tilbodet betre, trur Melby. Forutsatt klare rammer, tydeleg ansvarsfordeling og felles innsats.
Tenesteleiaren meiner felles kompetanseheving, grunnleggande verktøy, system og rammer for samarbeid gjer det enklare å både utvikle og følgje opp nødvendig samarbeid.
⇣ Rettlege rammer – avklaringar som krev lokal omsetjing
Helsedirektoratets rundskriv om rettslege rammer for samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og frivilligheita er eit godt verktøy for kommunane.
Rundskrivet slår fast grunnleggande prinsipp, roller og ansvar i slike samarbeid, og er utvikla som ein rettleiar for kommunane. Det blir peikt på at frivillige tilbod er supplement til lovpålagde tenester, og at frivillige ikkje kan overta oppgåver knytt til grunnleggjande behov, tilsyn eller helsehjelp.
Kommunens ansvar for forsvarlegheit og pasient- og brukarsikkerheit står tydeleg fast. Rundskrivet slår også fast at det må finnast tydelege rutinar for rolleavklaring, tausheitsplikt og oppfølging.
For Rollag gjev rundskrivet frå Helsedirektoratet nødvendige rammer for samarbeidet. Samstundes erfarer kommunen at rammene også må omsettast og konkretiserast i dagleg praksis. Det er nødvendig med avklaringar i kvart enkelt tiltak, som jamnleg må følgjast opp i opplæring og i samarbeidsdialogen.
Frivillige som bidreg i ulike tilbod har jamnleg kurs med tema som førstehjelp, etikk og taushetsløfte, og signerer erklæring om teieplikt og samtykke.
Det er etablert faste møtepunkt mellom nøkkelpersonar i kommunen og frivilligsentralen, som bidreg til felles retning, rask avklaring av behov og løpande evaluering.
Kjende dilemma
Erfaringane frå Rollag er i stor grad samanfallande med forsking og kjennskap frå praksisfeltet generelt. Nokre problemstillingar og dilemma synast å vere gjennomgåande:
- Rolleuklarheit: Når frivillige blir «for viktige» aukar risikoen for ansvarsglidning.
- Sårbarheit: Samarbeid som er personavhengig kan bryte saman ved utskiftingar.
- Kapasitet og forventningspress: Suksess kan skape forventningar som er vanskelege å innfri.
- Etikk og belastning: Særleg i omsorgsnære oppgåver må omsynet til frivillige gå hand i hand med behova til brukarar og pårørande.
Læringspunkt
Frivilligheita, frivilligsentralen, kommunen og lokalsamfunnet i Rollag er i utprøving av systematiske og strategiske samarbeid.
Erfaringane so langt viser at samskaping av velferdstenester:
- krev strategisk forankring, og kontinuerleg praksisnær dialog
- må byggjast med respekt for både frivillig engasjement og rettslege rammer
- å anerkjenne og ivareta frivillige er avgjerande, både gjennom organisatoriske grep slik som opplæringtilbod, men også gjennom å bygge felles kultur og lag
- fungerer best når frivilligsentralen har ei tydeleg og anerkjend rolle. Ver obs på at kjennskapen og kunnskapen om frivilligsentralen ofte ikkje er god nok i heile kommuneorganisasjonen
- ikkje er «billig arbeidskraft», men ein ressurs som må forvaltast varsamt
For kommunar som ønskjer å samskape meir, er bodskapen frå Rollag: Samskaping skapar verdi, men utfordringar, dilemma og grenser må takast på alvor.