Samarbeid med bransjeaktørar

Å legge til rette for varierte og aldersvennlege bustader i kommuneplanens arealdel er eit nødvendig, men ofte ikkje tilstrekkeleg tiltak for å realisere ønskt bustadutvikling i små distriktskommunar. Kommunen må då sjølv ta initiativ og stimulere private aktørar til samarbeid, særleg om sentrumsnære fleirbustadprosjekt. Involvering i bustadpolitiske plan- og strategiprosessar, jamnleg dialog, føreseielege rammer og risikoreduserande tiltak er viktige grep.

Mange distriktskommunar erfarer at private aktørar synast å ha lita interesse i å ta på seg ordinær bustadutvikling med fleirbustadprosjekt. I mindre bygdesentra og tettstader. Marknaden er liten og den økonomiske risikoen større enn i område med utbyggingspress. Salsverdien held ikkje tritt med kostnadene ved å bygge bustadene. Privat utvikling og forvaltning av utleigetilbod er særleg krevande.

I ein slik situasjon tek fleire kommunar sjølv ei sterkare aktørrolle. Somme stader er dette avgjerande for å få fram nødvendig bustadutvikling. Samstundes kan ei sterk og dominerande kommunerolle vere til hinder for at private aktørar ser moglegheiter, og at nye initiativ veks fram.

Generelt vurderer små distriktskommunar at dei har for lite systematisk dialog og samarbeid med lokale bransjeaktørar. Potensialet for å få til meir bustadutvikling gjennom offentleg-privat samarbeid blir av kommunane sjølve vurdert å vere stort.

Kommunar som har lukkast med offentleg-privat samarbeid peikar på fleire grep, bl.a systematisk dialog og informasjonsdeling på opne møteplassar, tidleg involvering i bustadpolitiske behov, planar og strategiarbeid, tydeleg rolle og bruk av bustadpolitiske virkemidlar, og avsette ressursar til å følgje opp utviklingsarbeid og bustadpolitiske tiltak.

Aktørar som er sentrale i gjennomføringa, må også ta del i utviklinga av kunnskapsgrunnlaget, og i visjons- og planprosessar. Eigarskap til strategiar og tiltak er avgjerande. Det gjeld for både grunneigarar, utbyggjarar og andre interessentar. Desse sit alle på nødvendig lokal kunnskap og er sentrale premissgjevarar for å lukkast.

Gode grep

  • Inviter utbyggjarar til informasjonsmøter og dialog om bustadutvikling
  • Involver private aktørar i planar og strategiarbeid
  • Definer kommunens rolle og bustadpolitikk
  • Ver tydeleg på kommunens bustadpolitiske mål og behov
  • Ver open på kva strategiar og verktøy kommunen har i bustadpolitikken

Artikkelen er skrevet i samarbeid med Husbanken.