Okstindan natur- og kulturpark – ein unytta ressurs!

Målet er å skape lokalt engasjement og leggje til rette for at Okstindområdet skal få status som Natur- og kulturpark og bli ein del av Norske Parkar.

Okstindbreen og Nord-Norges høgaste fjell, Oksskolten, (1916 moh) ligg i fjellmassivet Okstindan. Vakker og vill natur, urørt alpint terreng, berre eit steinkast frå frodige landbruksbygder i Hemnes kommune på Helgeland. Området ligg sentralt og er lett tilgjengeleg, og har eit stort potensiale. Så langt har det ikkje lukkast å få til ei heilskapleg og langsiktig utvikling og profilering av Okstindområdet.

Konkrete planar

Mål for prosjektet er å gjennomføre ei grundig analyse av parkområdet og skape lokal mobilisering og entusiasme, slik at området blir innlemma i organisasjonen Norske Parkar.

Prosjektet er delt opp i tre delar:

  1. Forstudie og forprosjekt
  2. Studieturar til andre parkar i Norge og Frankrike
  3. Utvikling av Prosjekt Fjellgalleri
Foto: Svein Arne Brygfjeld

Hausten 2014 opnar DNT Rabothytta. Turisthytta blir eit spennande element i Okstindan natur- og kulturpark. Hytta har 30 sengeplassar og er teikna av Jarmund/Vigsnæs Arkitekter. Foto: Svein Arne Brygfjeld

Forankring og samarbeid

Arbeidet skal samle små og store aktørar til å jobbe for ei målretta, berekraftig bruk av området. Bruk og vern av særegne natur- og kulturverdiar skal vere med å skape identitet, samhandling, kreativitet og næringsutvikling. Prosjektet har fått full støtte frå Hemnes kommune. I tidleg fase blir det jobba for å få fram eit samarbeid med ein rekke små og store aktørar innafor næringsliv og frivilleg arbeid.

Dette er eit av totalt 22 prosjekt som har fått midlar frå Verdiskapingsprogrammet – Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).