I Vinje, som i distriktskommunar elles, er det stort behov for å utvikle aldersvennlege bustader og bumiljø.
Då Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven oppmoda om lokale initiativ, fekk han rask respons frå pensjonistlaget i Vinje. Kommunen støttar prosjektet, som er godt forankra i samfunnsplanens mål om aldersvenlege stader og bustader.
“Det må leggast meir til rette for fellesskap, tryggleik og mindre einsemd. Fleire aldersvennlege bustader kan også gjere det lettare for unge”
– Halvor Vasshus, Vinje pensjonistlag
Seniorfellesskap med deleløysingar i burettslag
Heimdal 60+ er planlagd som eit seniorfellesskap for bebuarar over 60 år, organisert som burettslag. Notodden Boligbyggelag er utbyggar og forretningsførar og prosjektet er no i salsfasen.
Dei 14 leilegheitene i Heimdal 60+ er planlagt med livsløpstandard. Det blir lagt til rette for sosiale møteplassar med felles takterasse, stove, kjøken og snikkarbod. Løysinga er planlagt slik at fellesarealet i 1. etasje også kan fungere som møteplass mellom bebuarane og andre bygdefolk. Korleis den endelege bruken av fellesareala blir, regulerast i vedtektene for burettslaget.
Noko meir enn eit ordinært leilegheitsbygg
I utvinkligen av prosjektet har initiativtakarane i Vinje pensjonistlag henta inspirasjon frå andre seniorkonsept, bl.a Vålandstun i Stavanger. Pensjonistlaget ønskjer å legge til rette for sosiale felleskap med kort avstand til naboar, vener, møtestader og ulike tjenester. Det er kvalitetar som gjev tryggleik, meiner Vasshus.
Starta i 2019
i 2019 sette pensjonistlaget av midlar til å utvikle arkitektskisser og Vinje kommune løyvde midlar til forprosjektet. Vidare har Pensjonistlaget vore ein sentral pådrivar i å orientere om initiativet, søke støttespelarar, kartlegge tomter, utvikle skisser og kartlegge ønskje og interesse for nye bustadtilbod.
Gruppa tok tidleg kontakt med Notodden boligbyggelag, Vinje kommune, fylkeskommunen og Husbanken, og informerte breitt i lokalsamfunnet.
Kartlegging av tomter
Kartlegging av tomter var ein viktig del av forprosjektet. Den solrike og sentrumsnære Heimdalstomta peikte seg tidleg ut, med nærleik til helsetenester, butikkar, serveringsstader, busstopp og tilrettelagde turområde. Tomta var eigd av kommunen og kommunestyret vedtok å disponere eigedomen til aldersvenleg bustadutvikling og å inngå ein intensjonsavtale med Notodden boligbyggelag om utvikling av eigedomen.
Krevjande å realisere
Tomta er byggeklar og 5 leilegheiter er selde. Vinje kommune har kjøpt ei. Dette reduserer risiko for utbyggar. Før bygging må enno 4 einingar seljast. Bustadbyggelaget ser at det er behov for fleire sentrumsnære og tilgjengelege bustader i Vest-Telemark-regionen generelt. Samstundes er bustadutvikling i mindre distriktskommunar krevjande å realisere, ikkje minst prosjekt med heis og fellesfunksjonar.
Fellesareal er fordyrande, men etterspurde kvalitetar frå initiativtakarar og interessentar. Det er bakgrunnen for at Vinje kommune har gitt tilsagn på 6,3 millionar kroner i tilskot til fellesareala i prosjektet.
Fagmiljø og nasjonale myndegheiter ønskjer slike buløysingar velkomne. Det er likevel få virkemidlar som stimulerer til at slike løysingar kan vekse fram. Dette er særleg ei utfordring for distrikta.
Også for kraftkommunen Vinje er dette eit stort løft, men prosjektet blir vurdert å vere ein viktig pilot for nye typar bustadtilbod og eit sentralt tiltak for at fleire skal kunne bu lengre i eigen heim. Vinje kommune har også etablert ei tilskotsordning for å stimulere til at fleire eldre flyttar til aldersvennlege bustader.
Lokalt engasjement avgjerande
Eldsjelene i Vinje pensjonistlag har vore viktige for Heimdal-prosjektet. Pensjonistane tok initiativ til skisseprosjektet, fekk med seg bustadbyggelaget og har gjort ein stor jobb med å spreie informasjon gjennom heile prosessen. Prosjektgruppa har også hatt ei viktig rolle i å formidle kva behov og ønskje eldre har, og har vore sentral i å etablere og følgje opp dialogen med kommunen og bustadbyggelaget.
I salsfasen har prosjektgruppa og eldsjelene i pensjonistlaget vore viktige støttespelarar og pådrivarar. Fleire er interesserte, samstundes er det stort behov for konkret informasjon om prosjekt, finansiering og kva eit burettslag er. Eldsjelene i pensjonistlaget har difor på eige initiativ rigga “salsmøter”, der interesserte kan få nærare informasjon om opplysingar i salsprospekt, burettslagsmodellen, finansieringsmoglegheiter i lokal bank mm.
Råd til andre lokale eldsjeler
Enno er ikkje prosjektet i mål, og eldsjelene er framleis viktige. Gjennom sine lokale nettverk fungerer gruppa og pensjonistlaget som viktige temparaturmålarar, marknadskanal og pådrivarar for nye bustadtilbod, for både unge og eldre, i Vinje kommune. Halvor Vasshus har følgjande råd til andre lokale eldsjeler:
• Involver og informer jamnleg om prosjektet, både til pensjonistlag, råd for eldre, framtidige kjøparar, kommunen og andre aktørar som kan ha interesse av prosjektet.
• Set ned ei allsidig og aktiv prosjektgruppe. Det er behov for å ha ofte møter, med avklaringar og vurderingar.
• Bidra i salsprosessen.
• Ha trua! Når ein vil utvikle noko nytt er det ikkje alle som ser verdien i starten. Ting tek tid!