Felles samling 2026 for «Tett-på kommunane» Fjord, Gjemnes, Sande, Stranda og Vanylven

Bli med på erfaringssamling for «Tett på»-kommunane om samfunnsutvikling og strategisk planlegging 22.-23. september 2026.

Her får du drøfte erfaringar med dei andre kommunane og jobbe med praktiske utfordringar og problemstillingar kommunane står ovanfor.

Bilda er frå Felles samling for «Tett-på kommunane» i 2025. Foto: Distriktssenteret

Statsforvaltaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret inviterer til felles samling for Tett-på-kommunane. Tema er samfunnsutvikling og strategisk planlegging, med hovudvekt på omstillingsarbeid innafor helse- og omsorgssektoren.

Politisk og administrativ leiing i kommunane er hovudmålgruppe for samlinga. I tillegg deltek også deltakarar frå KS, Husbanken og følgeforskarar frå Oxford Research.

På samlinga får alle kommunar dele erfaringar og jobbe med relevante og praktiske problemstillingar. Det er lagt opp til at alle kommunane skal bidra med innlegg og erfaringsutveksling både i plenum og i gruppearbeid. Målet er at alle kommunane kjem eit steg vidare i eige utviklingsarbeid knytt til plan og omstilling. På samlinga vil vi også arbeide vidare med behov knytt til kommunikasjonsarbeid.

Samlinga skal vere på Hotell Union i Geiranger, frå 22.-23. september. Vi startar og avsluttar med lunsj.

Detaljar kring innhald og tidsplan blir sendt ut på e-post til alle påmeldte i god tid før samlinga.

Påmelding og praktisk informasjon

Deltaking for opptil seks deltakarar frå kvar kommune blir dekka. Kommunane må dekke deltaking utover dette sjølv, og det blir sendt eigen faktura for dette direkte til kommunen. Andre deltakarar dekker opphaldet sjølv, kr. 4 250,-. Inkludert i deltakarpakka er overnatting, middag og lunsj begge dagar.

Dersom nokon får fråfall grunna sjukdom ber vi om å få snarleg beskjed om dette.

Fyll ut skjema nedanfor

Påmeldingsfrist 5. juni 2026. Bindande påmelding.

Ved avmelding etter denne dato vil det kome til kostnader. Ved eventuell sjukdom eller anna forfall må arrangør få beskjed med ein gong. Har du spørsmål knytt til samlinga ta kontakt med Marte Berild Hjelle, Møre og Romsdal fylkeskommune. marte.berild.hjelle@mrfylke.no

Påmeldingsskjema - Felles samling 2026 "Tett på" i Møre og Romsdal

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
Navn(Påkrevd)

Mat og overnatting

Overnatting(Påkrevd)
Samtykke(Påkrevd)
Distriktssenteret, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren ynskjer å kunne bruke data som samlast inn i dette skjemaet i samlinga, og for vidare oppfølging og arbeid med prosjektet "Tett på". Sjå vår personvernerklæring. Data vil bli sletta etter at formålet med innsamlinga er utgått.
Samtykke foto og film
Distriktssenteret, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren ynskjer å kunne bruke foto og film frå samlinga på sine nettstader og sosiale media. Se vår personvernerklæring. Data vil bli sletta etter at formålet med innsamlinga er utgått.


Tidlegare samlingar

Felles samling 2025 for «Tett-på kommunane»

Felles samling 2025 for «Tett-på kommunane»

fem personer sitter rundt et bord. De diskuterer med hverandre. En av personene har en PC foran seg.

Bildet er frå ein politisk verkstad i Gjemnes. Foto: Distriktssenteret

Statsforvaltaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret inviterer til felles samling for Tett-på-kommunane. Tema er samfunnsutvikling og strategisk planlegging, med hovudvekt på omstillingsarbeid innafor helse- og omsorgssektoren.

Politisk og administrativ leiing i kommunane er hovudmålgruppe for samlinga. I tillegg deltek også deltakarar frå KS, Husbanken og følgeforskarar frå Oxord Research.

Vi skal bli kjent, dele erfaringar og jobbe med relevante og praktiske problemstillingar. Det er lagt opp til at alle kommunane skal bidra med innlegg og erfaringsutveksling både i plenum og i gruppearbeid.

Første dagen skal vi jobbe med strategisk kommunikasjon og kommunikasjonsplan. Andre dagen jobbar vi vidare med verktøyet heilskapleg innsatstrapp.

Samlinga skal vere på Hotell Union i Geiranger, frå 18. – 19. mars. Vi startar og avsluttar med lunsj.

Påmelding og praktisk informasjon

Deltaking for opptil seks deltakarar frå kvar kommune blir dekka. Kommunane må dekke deltaking utover dette sjølv, og det blir sendt eigen faktura for dette direkte til kommunen. Andre deltakarar dekker opphaldet sjølv, kr. 3 500,-. Inkludert i deltakarpakka er overnatting, middag og lunsj begge dagar.

Her kan du sjå programmet for samlinga