Statsforvaltaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret inviterer til felles samling for Tett-på-kommunane. Tema er samfunnsutvikling og strategisk planlegging, med hovudvekt på omstillingsarbeid innafor helse- og omsorgssektoren.
Politisk og administrativ leiing i kommunane er hovudmålgruppe for samlinga. I tillegg deltek også deltakarar frå KS, Husbanken og følgeforskarar frå Oxord Research.
Vi skal bli kjent, dele erfaringar og jobbe med relevante og praktiske problemstillingar. Det er lagt opp til at alle kommunane skal bidra med innlegg og erfaringsutveksling både i plenum og i gruppearbeid.
Første dagen skal vi jobbe med strategisk kommunikasjon og kommunikasjonsplan. Andre dagen jobbar vi vidare med verktøyet heilskapleg innsatstrapp.
Samlinga skal vere på Hotell Union i Geiranger, frå 18. – 19. mars. Vi startar og avsluttar med lunsj.
Detaljar kring innhald og tidsplan blir sendt ut på e-post til alle påmeldte i god tid før samlinga.
Påmelding og praktisk informasjon
Deltaking for opptil seks deltakarar frå kvar kommune blir dekka. Kommunane må dekke deltaking utover dette sjølv, og det blir sendt eigen faktura for dette direkte til kommunen. Andre deltakarar dekker opphaldet sjølv, kr. 3 500,-. Inkludert i deltakarpakka er overnatting, middag og lunsj begge dagar.
Dersom nokon får fråfall grunna sjukdom ber vi om å få snarleg beskjed om dette.
Her kan du sjå programmet for samlinga
Påmeldingsfrist var 28. januar. Bindande påmelding.
Ved avmelding etter denne dato kan det kome til kostnader. Ved eventuell sjukdom eller anna forfall må arrangør få beskjed med ein gong .Kontaktperson for spørsmål retta mot deltaking, overnatting eller mat kan rettast mot Marianne Solbakken, Distriktssenteret. Marianne.solbakken@kdu.no
Spørsmål knytt til sjølve samlinga (innhald, program etc.) kan rettast mot Frida Farstad Brevik, Statsforvaltaren. frida.brevik@statsforvalteren.no
No er påmeldinga stengt. Kontakt Marianne Solbakken dersom du har spørsmål.