
Direktør Marit L. Mellingen meiner styrking av budsjettet til Distriktssenteret understreker kor viktig det er med kompetanse og samordning for effektivt utviklingsarbeid i distrikta.
Foto: Per Kjetil Jørgensen
Driftsbudsjettet til Distriktssenteret har vore ganske stabilt dei siste åra, men utan særlege justeringar for prisveksten. No ligg budsjettet an til å bli auka, noko som gjer det mogleg for Distriktssenteret å halde aktiviteten oppe. 1,5 millionar av auken er knytt til Distriktssenteret sine oppgåver med bygdevekstavtalane. Her driftar Distriktssenteret mellom anna kunnskapsnettverk for prosjektleiarane, og støttar Kommunal- og distriktsdepartementet i si oppfølging av prosjekta. Bygdevekstarbeidet er tildelt 74 millionar kroner i 2025.
– Desse midlane gjer at vi vil kunne halde oppe aktiviteten vår med bygdevekstavtalane utan at det går ut over andre kompetanse- og formidlingsaktivitetar, fortel direktør Mellingen.
– Vi ser dette som ei stadfesting av at arbeidet vårt er nyttig for både kommunar, fylkeskommunar og andre. Distriktssenteret har ei viktig rolle som kunnskapssenter for utvikling i distrikta, der vi bidreg til at kompetanse frå mange aktørar og fagfelt blir omsett til praktisk arbeid til beste for lokalsamfunna.
Merkur-programmet styrkast
Merkur-programmet er også styrkt i forslaget til statsbudsjettet for 2025. Det er sett av 10 millionar kroner meir til programmet. Dette blir fordelt på støtteordningane og kompetanseprogrammet, og vil bidra til fornying av butikkar som gir viktige bidrag til varetilgang, møteplassar, utvikling og beredskap i distrikta.