Kunnskap før handling – kunnskapsgrunnlag i planlegginga

Planar skal byggje på eit solid kunnskapsgrunnlag og det skal gje god oversikt for å sette retning, mål og strategiar for arbeidet med eit aldersvanleg lokalsamfunn i kommunen. Denne delen gjev ei innføring i viktige moment som bør takast omsyn til eit kunnskapsgrunnlag for kommunal planlegging.

Utfordringane knytt til demografiske endringar og tynne bustadmarknader gjer det ekstra viktig at distriktskommunar er ein aktiv bustadpolitisk aktør. For kunne ta den rolla og gjere dei riktige vala i bustadpolitikken er god kunnskap om utfordringane og moglegheitene avgjerande.

 

Innhald og detaljnivå på eit kunnskapsgrunnlag vil variere med plannivå

Behovet for utdjuping av tema vil i hovudsak auke frå planstrategi, til kommuneplan til fag- og temaplanar. Overordna kan ein tematisk dele inn kunnskapsgrunnlaget i fire områder:

  • Demografi og befolkningsutvikling
  • Bustadmassen
  • Bustadmarknaden
  • Kommunale tenester og bustader

Demografi og befolkningsutvikling

Vi er allereie inne i en periode med ei sterk auke i talet eldre, og den trenden vil fortsette dei neste 20–30 årene. Sjølv om dei aller fleste klarer seg utan tenester, så aukar behovet for bistand med alderen som en følge av helsetilstand og funksjonsnivå. Ein oversikt over korleis demografien vil utvikle seg og korleis den vil fordele seg geografisk fordeling.

  • befolkningsutvikling og -samansetning dei neste 20 åra (SSB, tabell 11168)
  • kvar bur dei eldre når det gjeld nærleik til samfunnsfunksjonar
  • Demenskart

Den ordinære bustadmassen

Kunnskap om utforming av den eksisterande bustadmassen er viktig fordi det kan vise i kva grad bustadane i kommunen er eigna for eldre og at fleire skal kunne klare seg heime lenger. Eigenskapar som bustadtype, alder på bustadane og geografisk plassering er indikatorar på kor eigna bustadane er. Ein gamal einebustad langt frå sentrum er eksempelvis ein bustad som vil truleg vil være ueigna for eldre med nedsett funksjonsevne.

  • fordeling mellom ulike bustadtypar og alder på bustadane (SSB, tabell 06266)
  • Kommunalt disponerte bustader (SSB-tabell 12008)
  • Helse- og omsorgsinstitusjonar (plassar) (SSB-tabell, 11875)

Tenester og kommunale bustader

Ein del er tilgjengeleg gjennom kjelder som SSB og Helsedirektoratet, medan nokon kartleggingar og data må kommunen samle inn sjølve basert på lokale forhald. Denne artikkelen ser nærare på aktuelle kjelder som eit godt kunnskapsgrunnlag kan byggje på.

Artikkelen er skrevet i samarbeid med Husbanken.