Fagområde: Stedsutvikling

Juryen si grunngjeving for Norheimsund

Dette er juryen si grunngjeving for Norheimsund som vinnar av Attraktiv stad 2013.

Norheimsund sentrum (Foto: Distriktssenteret)

Norheimsund sentrum (Foto: Distriktssenteret)

Norheimsund er ein tettstad som ligg i Kvam herad i Hordland fylke – ein kommune med rundt 8600 innbyggjarar.

Juryen meiner utvikling av Norheimsund er eit godt døme for andre stader, og er ein verdig vinnar av Statens pris for attraktiv stad i 2013.

I Norheimsund er det jobba systematisk med planlegging og investeringar omkring tettstadutvikling. Utviklinga er ynskt, langsiktig og skal halde fram!

Gjennom ein tettstadanalyse med breie involverande prosesser tidleg på 90-talet, vart det klart at Norheimsund ikkje utnytta sine fortrinn når dei vende ryggen mot sjøen. I 1999 var første byggjesteg på fjordpromenaden ferdig, og med ny gjestehamn var dette med å gje sentrum eit løft som møtestad med liv og røre i tilknytning til butikkane. I 2013 opnar siste del av fjordpromenaden og då har Norheimsund samanhengande tur- og gangsti og attraktive friområde/aktivitetsområde langs fjorden gjennom sentrum.

Norheimsund har eit tett og triveleg sentrum. Denne tettheta er det mest markante trekket ved Norheimsund og ein kvalitet som ikkje kjem av seg sjølve. Kommunen har vore god på å samle handel i sentrum, og har ein bevisst halding til at arealkrevjande handel kan ligge i utkanten til hovudgata. Dei har klart å stå i mot kjøpesenterpresset, og teke vare på butikkane i sentrum som bidrar til å skape eit sentrum der det vandrar folk i gatene. Det er etablert eit mindre butikksenter, men dette bygget er integrert i handlegata. Tal viser at handelen blomstrar og aukar i Norheimsund.

Eit anna viktig grep som Norheimsund ser ut til å meistra godt, er å byggje tett når ein ekspanderer. Det har vore positiv befolkningsutvikling i kommunen og tettstaden Norheimsund, og kommunen har lagt til rette for bustader i sentrum gjennom fortetting. Utfylling i fjorden med overskotsmasse frå vegprosjekt i regionen gjer vidare utvikling i strandsona mogleg. Nye, framtidsretta bustadområde vert no planlagt basert på prosessar med moglegheitsanalysar frå tre arkitektfirma. Moglegheitsanalysene signaliserer spanande, tett bustadarkitektur, møteplassar og ein attraktiv sjøfront i vidareutviklinga av Norheimsund.

Nye gang- og sykkelvegar, turvegnettet rundt Movatnet og fjordstien fremjar lyst og moglegheit til å gå eller sykle og bind grendane nærare tettstaden.

I Norheimsund er det også lagt vekt på høge kvalitetskrav til prosjekter for offentlege uterom og møteplassar. I samarbeid med Statens vegvesen er det bygd miljøprioritert gjennomkøyring i handlegata i kvartalet over fjordpromenaden. Handlegata har fått seg eit skikkeleg løft der fokuset har vore på dei gåande. Det er etablert breie steinlagde fortau med god avgrensing til trafikken.

Bygningane i Norheimsund sentrum har ein interessant arkitektur. Dei er godt bevart og representerer ulike stilepoker frå før og etter bybrannen på 30-talet. Fleire av dei eldre bygningane er teke i bruk og integrert i bybildet med nye funksjonar.

I Norheimsund har dei god samordning mellom lokale utviklingsaktørar som kommune, næringsliv og frivillige. Mange utviklingsprosjekt er blitt realisert i dette samarbeidet. Arbeidet med stadutviklinga har generert kreativitet, dugnadsarbeid, tiltakslyst og handlekraft i lokalsamfunnet.  Fjordstien er eit tett samarbeid mellom kommunen og næringsdrivande. Privat strandsoneareal er opna for ålmenta. Bak hamneanlegget i sentrum står det lokale båtentusiastar og næringsdrivande. Anlegga har bidrege til årleg Trebåtfestival som trekker masse folk til Norheimsund. Men for dei som bur i Norheimsund er dette området ved fjorden blitt ein ynda møteplass med kafé- og restaurantar og ein god stad å vera.

Fjordstien fører fram til Hardanger Fartøyvernsenter. Her blir båtbygging og kystkultur ivareteke og aktivt formidla gjennom gamalt handverk som reipslåing, smiing og bygging av tradisjonelle trebåtar. Dette bidrar til å framheve staden sin historie som ein del av bybildet.

Midt i sentrum av Norheimsund ligg også eit gamalt ærverdig hotell. Sandven Hotell er no bygd på med 75 rom i ein moderne del som er godt tilpassa det eksisterande hotellet.  Hotellet sin konferansesal ligg med glasfasadar mot hovudgata. Også biblioteket er eit aktivum i sentrum. Det er no flytta inn i bygg i hovudgata og kan vise til stor auke i utlån – og besøkstal. Mellom hotellet og fartøyvernsenteret skal det byggjast eit større kulturhus, Hardinghuset, som skal ha ein regional funksjon. Framfor kulturhuset ligg fjorden og ei universell utforma badestrand.

I Norheimsund satsar dei aktivt på barn og unge. Aldersgruppa 0-23 år er skjerma for reduksjonar i kommunebudsjettet.

Her er eit aktivt næring-, kultur – og organisasjonsliv med eldsjeler og pådrivarar. Kvam kommune er i 2013 som ein av fire nominert til Norges kulturkommune. Kunst og kultur vert nytta aktivt i utvikling av staden og lokalsamfunnet, og baserer seg på eigen arv og tradisjon og kultur/ kulturuttrykk frå andre land.

Stiftinga Grannehjelpa er eit aktivt bindeledd mellom offentleg sektor og frivillige lag og organisasjonar. Dei har spesielt fokus på integrerings- og inkluderingsarbeidet. Det er etablert Mentorordning, internasjonal kvinnegruppe, afrikansk mannegruppe, afrikansk fest, internasjonal marknad med meir. Her er dei flinke til å gjensidig lytte og utveksle erfaringar. Det er kort veg frå ord til handling og det er vilje til nytenking.

Den positive stadutviklinga gir seg også utslag på at den yngre befolkningen kjem tilbake til Norheimsund. Nye og yngre eigarar fører butikkar og verksemder vidare.

Kommunen med administrativ og politisk leiing viser styringsvilje med å vere lojal til planer og utbygging av areal i sentrum. En slik evne har dessverre ikke alle kommuner, og det er synd. For dette er kanskje noko av det aller viktigste: På denne måten får dei ei utvikling som tener tettstaden på sikt, og gjere den attraktiv.

Her kan du sjå juryen si vurdering av dei øvrige finalistane.

Stikkord:
Steder: