Hornindal kommune – Sogn og Fjordane

Ny veg gir nye mulegheiter, men gjer samstundes krav på meir kapasitet og kompetanse enn kommunen har i dag.

Hornindal rykka mange mil nærmare Sunnmøre når det gjeld kommunikasjon då Kvivsvegen vart opna i september 2012.  (Foto: Hornindal kommune.)

Hornindal, og Svormuseet, rykka mange mil nærmare Sunnmøre då Kvivsvegen vart opna i september 2012. (Foto: Hornindal kommune.)

Kvivsvegen, mellom Hornindal og Volda, vart opna september 2012. Avstanden til Søre Sunnmøre vart dermed mykje kortare enn før, og har ført til meir gjennomgangstrafikk gjennom kommunen. Mange vel denne strekninga frå Sunnmøre til Austlandet eller til Bergen.

Utfordringane

– Bygginga av Kvivsvegen har lagt beslag på administrasjonen. Dei største utfordringane vi har er mangel på menneskelege ressursar i kommuneadministrasjonen, seier rådmann Ann Kristin Langeland.

– Dei to-tre siste åra har det vore stor byggeaktivitet i kommunen, både når det gjeld offentlege bygningar, bustader og fritidshytter. Sidan det er få personar som deler mange oppgåver er det liten mulegheit for overdekking innan dei ulike fagområda. Dette gjer at kommunen er sårbar ved mellom anna sjukdom og ferie. Vi har rett og slett ikkje kapasitet til å gjere nytte av eller realisere effekten av Kvivsvegen fullt ut, og dermed den nye sentrale posisjonen Hornindal har fått i regionen, seier Jan Endre Nesdal, ein optimistisk og engasjert næringssjef.

Løysningane

Han syner til vedtak gjort i formannskapet, der politikarane meiner gode planar er nøkkel til vidare utvikling i Hornindal, og ynskjer at midlane til «Styrking av utviklingskapasitet i mindre kommunar» i 2013 vert nytta til utarbeiding av planprogram for revidering av kommuneplan.

Kommunen har landa på følgjande fire satsingsområde:

  • næringsutvikling
  • busetnad
  • kultur
  • fritid og helse- og livsverdiar

Det grundige planleggingsarbeidet har resultert i to dokument; eit detaljert på 50 sider og eit lett tilgjengeleg og konsentrert på tre sider. Begge dokumenta er gode verktøy for vidare utvikling av kommunen.

Distriktssenteret meiner

– Kommunen har behov for auka ressursar for å vidareutvikle lokalsamfunnet. Ny veg opna opp for større felles bu- og arbeidsmarknadsområde. Kommunen har store utfordringer i høve bustader, industritomter og næringsbygg. Det skjer likevel mykje positivt i Hornindal; nye bustader og hytter blir bygt, skitrekk og festivalar. Koplinga opp mot ressursar ved Høgskulen i Volda, når det gjeld samfunnsutvikling er spennande, seier rådgivar i Distriktssenteret, Inga Marie Skavhaug.

Les statusvurderinga fra Hornindal.