Gode grep om eigen busituasjon

Folk flest ønskjer å bu i eigen bustad, også når dei blir eldre. Aktiv informasjon og rettleiing om gode grep for ein aldersvennleg bustad er ei god investering, for den enkelte og for kommunen.

Undersøkingar viser at folk i stor grad ønskjer å bu i dagens bustad, også når dei blir eldre. Det er samstundes få som bur i aldersvennlege bustader i dag, eller som planlegg tilpassingar. Ikkje minst gjeld dette i distrikta. Dette utfordrar både den enkelte og kommunen si tenesteyting.

Å planlegge bustad for eigen alderdom er vanskeleg. For enkelte handlar det om mangel på informasjon, uro for endring og aldring, eller om økonomi. Andre tenkjer ikkje framover og reknar med at det ordnar seg, når den tid kjem. Å motivere innbyggjarar til å ta grep for framtidig busituasjon er viktig. Viss fleire skal bu heime så lenge dei kan og vil, må bustaden og bumiljøet legge til rette for det, inkludert at kommunen kan yte gode heimetenester.

Lett tilgjengeleg informasjon og god dialog er første steg for å motivere innbyggjarar til å ta grep om eigen busituasjon. Kommunen har ei tydeleg plikt til å informere og rettleie om kommunens tenester og tilbod. I kommunens arbeid med informasjon, bustadrådgjeving og tilrettelegging av tilbod og tenester kan samarbeid med frivillige organisasjonar, råd og utval ha stor verdi.

Gode grep

  • Lage informasjonsbrosjyre/informasjonsavis for målgruppa 60+
  • Invitere til temakveldar i samarbeid med lokalt pensjonistlag og eldreråd
  • Invitere til “ope kontor” på stader der folk naturleg møtast
  • Tilby individuell bustadkartlegging og rådgjeving om bustadtilpassing
  • Tilby kommunale tilskotsordningar som stimulerer til framtidsretta bustadgrep

Artikkelen er skrevet i samarbeid med Husbanken.