Solund Kulturlandskapspark

Forprosjektet ynsker å etablera ein lokal landskapspark for å skape langsiktig bygde- og næringsutvikling basert på dei særegne natur- og kulturressursane Solund har.

Solund Kulturlandskapspark vil bli eit samarbeid mellom næringsliv, frivillig sektor og kommunen med mål om å samordna ulike aktivitetar og initiativ knytt til natur og kultur.

Vest i havet

Solund er ein øykommune ytterst i Sognefjorden med eit heilt spesielt landskap og atmosfære. Noregs vestlegaste kommune byr på ramsalt hav, dramatiske fjell, storm og stille, lyngheier, villsau, båtliv og eit livskraftig lokalsamfunn. Det er dette landskapet som legg grunnlaget for utvikling av opplevingar og produkt samstundes som ein skal ha ei bærekraftig forvalting av natur- og kulturvediane.

Lengst ut mot havet i vest ligg øykommunen Solund. (Foto: Roar Vangsnes)

Levande kulturlandskap

Det bur fortsatt folk i dei lune vikene på øyane ut mot havet. Det gjer at kulturminna, båtane og gardsbruka er ein levande kultur som det vil vera spanande og eksotisk å oppleva. Landskapet er prega av kystlynghei, ein naturtype med stor biologisk og kulturhistorisk verdi.  Her høyrer villsauen fortsatt naturleg heime, og det er tankar om eit senter for villsau, med tanke på drift, foredling, sal og marknadsføring.

Katalysator

Solund Kulturlandskapspark skal bli ein paraplyorganisasjon for mange av initiativa og verksemdene som allereie er etablert, og fungere som ein katalysator for å samordne og realisere nye planar og idear. Det er allereie eit godt arbeid i gang med bygdeutvikling, og kommunen er aktiv og samarbeidsvillig overfor til lokale initiativ.

Solund Kulturlandskapspark er eitt av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet for Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).