Attraktiv by i Nord

Bodø satsar på heilskapleg byutvikling som styrkar byen og regionen økonomisk, sosialt og miljømessig. Målet er ein attraktiv byregion som klarer å trekke til seg folk og næring, bygge langsiktig konkurranseevne og styrke utviklingskrafta.

I 2016 vann Bodø Statens pris for berekraftig by- og stadutvikling. Men den attraktive byen i nord kviler ikkje på laurbæra av den grunn. I 2016 feriar Bodø også 200 år som by, og midt i markeringa av jubileet er byen travelt oppteken med å ta grep for dei kommande 50 åra. Framtidsvisjonen er å utvikle «Verdens smarteste by». I dette ligg ein tydeleg ambisjon om å løfte ikkje berre byen, men heile regionen.

Kva gjer Bodø, og korleis heng satsinga saman med utviklingsstrategien for regionen? Distriktssenteret har sett nærare på kommunens arbeid med byutvikling og på regionale prioriteringar.

Kontaktinformasjon

Annelise Bolland
Byplansjef, Bodø kommune
[email protected]
+47 
951 19 458
+47 
75 55 53 49

Attraktiv by-visjonen

– Grunnlaget for Bodøs byutvikling ligg i kommunens samfunnsplan og visjonen om å vere ein  attraktiv by i nord, seier Annelise Bolland, byplansjef i Bodø kommune.

Men visjonar får kraft først  når dei får eit konkret innhald. Bak Bodø kommune sin visjon ligg eit mangeårig arbeid med bygging av gode planmiljø og planprosessar. Og ikkje minst politisk semje og vilje til å prioritere kompakt og berekraftig byutvikling. Grensa mot bymarka skal sikrast, og byen skal vekse innanfrå med bustadutvikling, kultur- og kollektivsatsing som prioriterte virkemiddel for ei levande bykjerne.

Utfordringa

Kva var så utgangspunktet for satsinga? Sterk vekst i folketalet over fleire år har vist behovet for å tenke nytt kring byutviklinga. Innan 2040 kan Bodø runde oppimot 70.000 innbyggjarar. Eit positivt framtidsbilete, som også utfordrar arealbruk, byens infrastruktur og aktualiserer spørsmål om kvar og korleis byen skal vekse.

Samstundes kjem ikkje veksten av seg sjølv. Sentrumshandelen blir utfordra av netthandel og omkringliggande storsenter. Vidare vil mange arbeidsplassar forsvinne med nedlegginga av forsvarets hovudflystasjon. Den regionale utviklinga utfordrar også, i hovudsak er det Bodø som veks. Befolkninga er aldrande, noko som på sikt gje færre unge frå omlandet til utdanningsinstitusjonane i Bodø, og utfordre regionen på rekruttering.

Bodø kommunes samfunnsplan definerer eit tydeleg mål om utvikling i og samspel med omlandet. Det inneber mellom anna å legge til rette for at folk enkelt kan bu og jobbe på tvers av kommunegrenser. Samarbeid om infrastrukturbygging er sentralt, med satsing på mellom anna Saltenpendelen. Toglina er blitt ei svært viktig pendlerute mellom kommunane Bodø, Fauske og Saltdal. Eit døme på byens og regionens merksemd på regionalt samspel.

By- og regionsutviklinga har altså eit klart føremål: Ein attraktiv byregion som klarer å trekke til seg folk og næring, bygge langsiktig konkurranseevne og styrke utviklingskrafta.

Kultur og offentlege byrom – strategiske grep

Bodø kommune har gjort fleire grep for å auke byens attraktivitet for folk og næringsliv. «Glashuset», ei overbygd offentleg gate og sosialt samlingspunkt, har lenge vore byens kjennemerke. Like ved har det no vakse fram eit nytt og attraktivt sentrumsområde. Ein kommunalt eigd parkeringsplass og eit buss-torg har gitt plass til kulturkvartalet Stormen. Her finn du byens bibliotek, teater, konserthus og litteraturhus. Saman med utvida og flott opparbeidde uterom og tilgang til byens sjøfront, inviterer kulturkvartalet til deltaking og aktivitet. Kulturhuset har med sitt mangfaldige tilbod vitalisert byens kulturliv og bylivet. Her skjer det stadig noko, folk møtes, det gjev byen ny puls og energi.

Bodø sentrum, havn.

Bodø sentrum, Stormen kulturkvatal sentralt i bildet.
Foto: Per Inge Johnsen, Bodø kommune

Slikt merkast også på sentrumshandelen, som har fått ei markert styrking. Ikkje minst har satsinga ført til auka stoltheit og sterk mobilisering blant innbyggjarar og næringsliv. Det har bl.a ført til eit sterkare medvit om historiske bygater, fasader og byggeskikk som verdi. Ei kulturminnefagleg analyse som skildrar Bodøs gjenreisingsarkitektur med nasjonal verdi, har bana veg. Det blir sett strenge krav til kva grunneigarar og utbyggjarar kan gjere, men forståinga av at også gatemiljø representerer ein viktig del av byens kulturarv har grodd sterkare.

Grunneigarar og næringsaktørar tek tak

– Nettopp samspelet med folk og verksemder er kanskje det viktigaste som må skje for å styrke stadens utviklingskraft, seier byplansjefen, og sler fast at grunneigarar og andre aktørar verkeleg tek tak. Byen boblar av prosjekt og planar: eit nytt hotell er kome til, nye grøntareal og opning av sjøfronten med lett tilgjengeleg havnepromenade. Eit særleg viktig grep er kommunens nye arealdel, som opnar for bustadutvikling i sentrumskjerna. No er nærare 700 nye sentrumsbustader under planlegging.

– Trua på sentrum hjå næringslivet er styrkt, seier Bolland. Eit døme er Bohus. Verksemda hadde planar om flytting. No er dette endra, og butikken blir i sentrum.

Bypakke Bodø

Du skal ikkje lange køyreturen i Bodø før du merkar at også vegar og ferdselsårer er i stor endring. Bypakke Bodø består av ei heil rekkje tiltak som skal gje byen eit framtidsretta og tryggare transportsystem. Riksvegen blir rusta opp og innkøyringsvegar lagde om. Kollektivtrafikken får høgare prioritet, og det blir satsa på gang og sykkelvegar. Tal reisande med buss har so langt auka med vel 22%. Ein kommunedelplan for kollektivtrafikk har lagt grunnlaget, medan bompengeringen finansierer den heilskaplege bypakken. Omlegginga løyser også ut område som i neste omgang kan verte attraktive næringsareal.

Ny flyplass – nye mulegheiter

Alle dei pågåande byutviklingsprosessane representerer «nye Bodø by». Det er likevel prosjektet «Ny by – ny flyplass» som får den store merksemda, også internasjonalt. Bakgrunnen for prosjektet er todelt: Dagens rullebanesystem er utdatert og må av omsyn til tryggleiskrav flyttast. Når forsvaret frå 2022 flyttar kampflybasen vekk frå Bodø, kan det som i utgangspunktet er eit stort tap for byen og regionen representere nye mulegheiter. Ny rullebane og flyplass kan leggast til tidlegare bandlagd areal. Samstundes vil vert det plass til eit nytt og framtidsretta havneområde, næringsareal og fantastiske buområde med potensiale for oppimot 15000 bustader.

Illustrasjon av ny flyplass i Bodø

Illustrasjon: Bodø kommune.

Med andre ord: Ny by – ny flyplass. Eller rettare sagt ein smart by, med visjonen «Verdens smarteste». Men «Smart Bodø» avgrensar seg ikkje til energi-sparing, klimareduksjon, intelligent teknologi og installasjonar i by- og transportsystema åleine. Det handlar også om «smart samfunnsutvikling», med mellom anna løysingar for framtidas eldre, framtidsretta utdanningssystem og rekruttering. Óg – det handlar om regionalt samspel og funksjonell arbeidsdeling.

«Bodø-regionen midt i matfatet»

Byregion Salten

Salten deltek i Byregionprogrammet.

Søkerkommune: Bodø

Samarbeidskommuner: Meløy, Gildeskål, Beiarn, Saltdal, Fauske, Sørfold, Steigen, Hamarøy

Folketall i regionen: 80.338 (1.jan 2015)

Gjennom Byregionprogrammet jobbar nettopp Bodø kommune og Salten-regionen  med å utvikle samspelet mellom byen og omlandet. Ut frå posisjonen «Bodø-regionen midt i matfatet» blir det utvikla strategiar for felles næringsarbeid innanfor område der regionen har særlege fortrinn. Hovudfokuset er etablering av arbeidsplassar innanfor desse næringane, i omlandskommunane.

Samstundes er Bodø framheva som knutepunkt for forsking, utdanning og logistikk. Verdas matfat skal fyllast også i framtida. Ei framtidig samlokalisering av næringsareal, flyplass, ny terminalkai med jernbanespor, med rask tilgang til verdsmarknaden, er soleis ein sentral del av regionens mulegheitsbilete. I det perspektivet er visjonen «verdens smarteste» ikkje kun for byen, men for ein heil region.