Webinaret er særleg relevant for deg som jobbar i ein distriktskommune med planlegging, bustadutvikling, startlån og andre økonomiske verkemiddel, helse og omsorg eller med folkehelse og stedsutvikling.
På webinaret vil du få presentert funn og læring frå eit treårig samarbeidsprosjekt mellom Husbanken, Distriktssenteret og 12 kommunar, og du får konkrete eksempel på korleis nokre av desse og andre distriktskommunar blant anna har:
- planlagt for å legge til rette for ei berekraftig bustadutvikling for eldre
- tatt grep for å sikre gjennomføring av utbygging av aldersvennlege bustader i privat regi
- jobba med tilpassing av eksisterande bustader
Husbanken og Distriktssenteret vil også presentere ei fersk verktøykasse som skal vere til hjelp for deg som jobber med bustadplanlegging og bustadutvikling i ein distriktskommune.