Fagområde: Ung i Distrikts-Norge

Ung i Distrikts-Norge 2025 (Webinar)

Er det nokre grep ein distriktskommune kan gjere for å bidra til ungt gründerskap? Korleis kan distriktsbutikkar bidra til skaparkraft og bulyst hjå dei unge?

Bilde av tittel-bildet til UNGiD med undertekst, ung skaparkraft i distrikta.

Torsdag 27.03.25 frå kl. 09.00 til 11.00 arrangerer Distriktssenteret Ung i Distrikts-Norge 2025.

Webinaret skal sjå nærare på kva som skal til for at dei unge i distrikta skal ynskje å etablere seg med eigen arbeidsplass og bli buande i distriktet. I webinaret møter du unge gründerar, butikkdrivarar og bidragsytarar. Dei fortel om kva faktorar som bidreg til at fleire unge startar opp og driv eigen verksemd.

Kva fremmar ung skaparlyst i distrikta?

Demografiske utfordringar gjer at distriktskommunar må tilrettelegge for at fleire unge vil bu og jobbe i distrikta. Kommunane treng dei unge for å skape innovasjon, utvikle berekraftige lokalsamfunn og løyse framtidas utfordringar med sine nye tankar og idear. Kven har ansvar for å gje rom for ung skaparkraft og kva mogleheiter finns? Kven er aktørane som bidreg og kva verkemiddel finns? Kva ynskjer unge gründerar seg? I webinaret får vi lære og diskutere korleis ein saman kan legge betre tilrette for auke skapargleda hjå dei unge.

Disse møter du 27. mars

Plakat med program for webinaret, med teksten: Steinar Fredheim, Distriktssenteret, om Merkur-programmet og butikken si rolle i lokalsamfunnet Kongsvik Landhandleri og Samhald Landhandleri, om å vere ung butikkdrivar og om butikken som bygdesenter Unge gründerar fra Sogndal, Dreng og Edbox, fortel si gründerhistorie. Høgskulen på Vestlandet, Kunnskapsparken Vestland og FUS fortel om korleis dei jobbar med ungt gründerskap Daniel Sowe, Hadsel kommune, om Hadsel kommune som tilretteleggjar Reidar Milan Hegle, Innovasjon Norge, om unge gründerar og buområde Lill-Beathe Håpnes, Nord Universitet, om unge gründarar og kjønn, kulturell bakgrunn og geografi Torbjørn Wekre, Distriktssenteret, om gründerskap i eit distriktsperpektiv Sara Kveli, Ungt Entreprenørskap, om korleis UE bidreg til å styrke ung entreprenørverksemd Scenesamtale med oppsummering og vegen vidare

 

Webinaret passer for:

  • ordførarar, kommunedirektørar og næringssjefar
  • regionale næringsselskap
  • regionale og fylkeskommunale leiarar
  • politikarar
  • verkemiddelaktørar
  • ungdom med skaparlyst