Tilset eigen samfunnsutviklar

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Ordførar i Birkenes Arild Windsland, har tru på ein aktiv og inkluderande kommune i vekst.

LISA-prosjektet gav motivasjon

Windsland viser til ein nyleg avslutta Interreg-prosjekt LISA, som Birkenes og dei kringliggande kommunane har vore med i dei siste 3 åra.
– Prosjektet, som har sett på lokal samfunnsutvikling og turisme i tre landsbygdområder i Norden, har gitt oss inspirasjon til å halde fram med dette arbeidet. Difor tilset vi ein samfunnsutviklar i kommunen. Dette arbeidet må gjerast i nært samarbeid med nabokommunane, men samstundes er det godt å styrke kompetansen på dette området i eigen kommune, seier Windsland.

God utviklingskultur

Ordføraren er oppteken av ei god utvikling både i sentrum og i dei mindre bygdelaga.
– Det handlar om å få skapa ein god utviklingskultur som smittar over på innbyggarane, seier Windsland. Sjølv har han lang fartstid i byggebransjen, og har opplevd at folk også har kome frå byen til Birkenes for å handla. Det handlar m.a. om god service som vi kan tilby på mindre stader. Ordføraren er også på jakt etter å sjå på korleis kommunane kan få organisert næringsarbeidet sitt betre enn det som er tilfelle i dag. Her håpar han å henta inspirasjon frå andre kommunar og regionar i landet.

Gledar seg til omdømmeskulen

Windsland har fått med seg at omdømmet til ein kommune er summen av oppfatningane folk har av kommunen – på sikt. Han tek no utfordringa, og hiv seg med på Omdømmeskulen til Distriktssenteret. Hit har han med seg den nye samfunnsutviklaren i kommunen.
– Vi har forventningar til at dette skal vera godt investert tid, som gir noko att til kommunen.

Stikkord: