Fagområde: Omdømme

Difor bør kommunen bruke tid på omdømmearbeid

Denne artikkelen er arkivert. Enkelte opplysninger kan være utdaterte.

Kor stor betydning har omdømmearbeid i lokalt utviklingsarbeid? Dette og fleire andre spørsmål fekk Distriktssenteret svar på då vi inviterte ulike fagmiljø til workshop. Vi deler gjerne dei faglege godbitane med andre.

Bakgrunnen for denne koplinga mellom ulike fagmiljø, er mellom anna at vi ønskjer å bli endå betre i arbeidet med å gi råd og rettleiing i korleis ein kommune kan jobbe med omdømmearbeid. Dette gjer vi mellom anna gjennom tiltaket Omdømmeskulen.

Nyttige notat om omdømmearbeid

Kvar av dei fire fagmiljøa leverte notat med sine tankar og vurderingar omkring omdømmearbeid. Dette er nyttige innspel til kommunar og lokalsamfunn som arbeider med eller vil ta tak i omdømmearbeid.

Omdømme er eit resultat av utviklingsarbeid

Frå Høgskulen i Volda kom professor Jørgen Amdam og høgskulelektor Jens Standal Groven. I notatet Omdømmebygging og kommuneplanlegging hevdar dei at omdømme er eit resultat av samfunns- og organisasjonsutvikling.

”Kommunen må jobbe med kjernespørsmåla ”kven er vi og kven vil vi vere?” Planlegging er knytt til framtida. Kva visjonar har vi for det gode og velfungerande samfunnet, og korleis skal vi nå dit?

Målretta planlegging krev kunnskap om identitet

Førsteamanuensis frå Kunsthøgskulen i Bergen, Linda Lien, har jobba med omdømme gjennom visualisering av ein stad sin identitet. I prosjektet sitt har ho samarbeidd med kommunen Kvam i Hardanger. Det er prøvd ut ulike måtar å involvere innbyggjarane i arbeidet med å finne og formidle stadidentiteten.

”Kven har rett til å definere identiteten til ein stad?” I notatet ”Med innbyggjarane som omdømmebyggjarar” peiker ho på at lojalitetskjensla til folk knyter seg til ei bygd og ikkje kommunen, og argumenterer for at ein stad ikkje har ein identitet, men mange – som ikkje er statiske, men dynamiske.

Kommunen må unngå å bli ein i mengda

Hilde Bjørnå, førsteamanuensis frå statsvitskap på Universitetet i Tromsø, syner til at omdømme handlar om å bli oppfatta som unik. Kommunane må klare å differensiere seg og ikkje bli ein del av massen. Dei må unngå å bli kommunegrå.

I ”Kommunenes omdømmebygging – egenart til besvær?” skriv Bjørnå at kommunen må framstå som inkluderande, få folk sine følelsar og ”hjerter” med inn i prosessen med å skape kommunen sin eigenart. Basert på dette arbeidet kan kommunen lage slagord, logo, forteljingar som definerer deira posisjon. Ho peiker også på dei mange utfordringar kommunen har i høve arbeid med omdømme.

Finn det unike

Dagleg leiar i Tibe PR, Harald Larsen Espeland, viser til at omdømmebygging er eit verktøy for å nå kommunen sine mål. I notatet, ”Bildet på netthinnen – har det noen betydning?”, skil han tydeleg mellom kommunen som organisasjon og som lokalsamfunn. Espeland er konkret på korleis ein kommune skal gå fram i arbeidet sitt. Arbeidet startar med ”jakten på det unike”. Han er ikkje oppteken av slagord og logo, men derimot å finne kommunen sin posisjon – ”det vi vil folk skal forbinde med kommunen”.