Fagområde: Samfunnsplanlegging

Lanserer enkelplanlegging.no for å støtte små kommunar i planarbeidet

Distriktssenteret lanserer i samarbeid med Kommunal- og distriktsdepartementet enkelplanlegging.no. Dette er ein nettbasert rettleiar som skal bidra til at små kommunar gjer gode val og planlegg gode prosessar for kommuneplanlegginga si.

Besøk enkelplanlegging.no

En mobiltelefon med nettsiden enkelplanlegging.no holdes opp. Vi ser en datamaskin i bakgrunnen

Enkelplanlegging.no er tilgjengeleg på nett og mobil
Foto: Distriktssenteret/Børge Solbakk

– God planlegging er viktig for ein heilskapleg utvikling i bygd og by. Men plansystemet kan være vanskeleg å forstå. Mange folkevalde ser ikkje moglegheitene, og overlèt planarbeidet til administrasjonen. Samstundes har små distriktskommunar få tilsette til å drive med planlegging, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Den nye rettleiaren er å finne på enkelplanlegging.no, og skal gje rettleiing i minimumskrava til kommunalt planarbeid, og gje innspel til gode arbeidsmåtar, kunnskapskjelder og støttespelarar.

– Denne rettleiaren er tilpassa dei små kommunane, som har avgrensa ressursar og mindre behov for mange detaljplanar, fortel seniorrådgjevar Hildegunn Nordtug i Distriktssenteret.

Gjennom fleire år har ho arbeidd tett saman med små distriktskommunar i prosjektet Distriktskommune 3.0, eit samskapingsprosjekt som har arbeidd med samfunnsplanlegging på distriktskommunane sine vilkår. Deltakarane der erfarte at det er viktig det å ha ein plankultur og korleis samfunnsdelen bli brukt aktivt til politisk styring framfor å styre gjennom handsaming av enkeltsaker. I den nye rettleiaren er dette tema, saman med forslag til korleis ein mellom anna kan arbeide med den kommunale planstrategien og kommuneplanens samfunnsdel. Samtidig gir den ei innføring i plansystemet.

Både Generalistkommuneutvalet og distriktsmeldinga har peika på behovet for at det vert utvikla rettleiingsmateriell tilpassa små distriktskommunar sitt behov.

– Ikkje alle små kommunar har formelt utdanna planleggarar, eller dei har nyutdanna planleggarar. I mange små kommunar er heller ikkje plan- og byggesakseiningane store nok til å dekkje alle fagfelt som går inn i planlegginga. Difor vil det vere nyttig med ein rettleiar som gir målretta og trinnvise forklaringar. I tillegg vil den vere god støtte til lokalpolitikarar og andre som vil forstå plansystemet betre, fortel Nordtug.

Den nye rettleiaren er eit supplement til planlegging.no, som er Kommunal- og distriktsdepartementet si hovudside retta mot planleggarar.

Det er Distriktssenteret som har utvikla rettleiaren, og den er samfinansiert med KDD. Under arbeidet med rettleiaren, har representantar frå fylkeskommunane og statsforvaltaren i Nordland og Trøndelag vore med på ideutviklinga saman med følgjeforskarar frå Distriktskommune 3.0 (Ruralis), KS, KDD og Distriktssenteret. Increo har vore leverandør. Kommunane Tydal, Holtålen, Røyrvik, Grane, Dønna og Moskenes har bidratt i med å identifisere behova gjennom Distriktskommune 3.0 og brukartesting. Innhaldet er produsert av Distriktssenteret og kvalitetssikra av KDD.

En kvinne står foran en kontorpult. PC-skjermen på pulten viser nettsiden enkelplanlegging.no

Foto: Distriktssenteret/Børge Solbakk