I prosjektet Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport skal selskapet Bratt Moro AS skape ein stad der fjellsportinteresserte kan møtast. Delmål i prosjektet er å leggje til rette for infrastruktur som opnar fjellheimen for fleire grupper, og å gjere lokal kunnskap om fjellsport tilgjengeleg for folk flest. Bratt Moro ser auka bulyst, nye arbeidsplassar og auka attraktivitet for området som forventa effektar av satsinga.
Prosjektet er tildelt 1,9 millionar i Bulystmidlar i 2011.
Dette prosjektet er presentert med grunnleggande informasjon. Distriktssenteret har ikkje vurdert prosjektet, og presentasjonen inneheld mindre informasjon enn dei lokale utviklingsarbeida vi har vurdert.