Fagområde: Tilflytting

Velkomen til Vik

Prosjektet Velkommen til Vik skal fokusere på tilflytting, innvandring og integrering

Bulystprosjektet Velkomen til Vik er tufta på hovudutfordringa for heile Vik kommune, som er å snu ei negativ folketalsutvikling. I prosjektet vil vi møte denne problemstillinga på to måtar; gjennom tiltak som styrkar bulyst og trivsel for dei som allereie bur i kommunen (og på den måte hindre fråflytting) og gjennom tiltak for ny tilflytting utanfrå.

Tiltaka vil i mange tilfelle gå hand i hand og vere egna for både å oppretthalde bulyst og for å stimulere til tilflytting.

Samarbeidspartnere

  • Bygdelaga: Utvikle og gjennomføre bygdeutviklingsprosjekta
  • Vik Næringssamskipnad: Utvikling av arbeidsplassar
  • NAV: EURIS nettverket og lokal språkopplæring
  • Distriktssenteret: Rådgiving
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune: Rådgivar og samarbeidspartnar
  • Lag og Organisasjonar: Sentrale deltakarar i bygdeutviklingstiltaka
  • Nettverket av Næringssjefar i regionen: Erfaringsoverføringar mellom kommunane.

Målgruppe

Prosjektet har tre målgrupper:

  • Tilflyttarar
  • Lokalbefolkning og lokale bedrifter som skal skape eit godt klima for tilflytting og bulyst
  • Andre lokalsamfunn som kan dra nytte av erfaringane frå prosjektet

Aktiviteter

  1. Å gjere Vik kommune og bygdene attraktive å flytte til gjennom etablering av gode basistilbod/tenester for tilflyttarar.
  2. Å tiltrekke nye innbyggjarar til kommunen og bygdene gjennom kontakt mot målgrupper og
    aktive tiltak for busetting.
  3. Å gjere Vik kommune og bygdene til ein attraktiv stad å bu gjennom vidareutvikling av tilbod og tenester.
  4. Å arbeide for ein forbetring av infrastrukturen slik at innbyggarane i Vik kommune kan utvide sitt geografiske arbeidsområde.

Prosjektet Velkomen til Vik er tildelt inntil 2 000 000 kroner i Bolystmidler i 2013.

Dette prosjektet er presentert med grunnleggende informasjon uten vurdering fra Distriktssenteret.

Eierskap, organisering og formell forankring

Eierskap, organisering og formell forankring som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Forankring

Ny kommuneplan for Vik kommune vedteken av kommunestyret desember 2012 peikar på negativ
folketalsutvikling som ei hovudutfordring. Kommunen sitt hovudmål skal realiserast i tilflyttingsprosjektet Velkomen til Vik, der bygdeutvikling vil være eit vesentleg element.

Prosjektorganisering

  • Prosjekteigar: Vik Kommune
  • Prosjektansvarleg: Rådmannen
  • Prosjektleiar: Eigen prosjektleiar i engasjement.
  • Styringsgruppe: Kommunestyret
  • Referansegruppe/ arbeidsgrupper: Oppnemd av styringsgruppa

Lokale bygdeutviklingsprosjekt i Fresvik og Arnafjorden vil bli organisert som arbeidsgrupper i
hovudprosjektet.

Det skal i prosjektperioden engasjerast ein prosjektleiar. Prosjektleiaren skal halde den raude tråden i prosjektet og samstundes vere den som aktiverar og motiverar dei involverte aktørane.

Målformulering

Målformulering som formulert i bolystsøknaden, prosjektet er ikke vurdert av Distriktssenteret.

Prosjektmål

Hovudmålet for prosjektet er å snu ei negativ folketalsutvikling i kommunen.

Ein vil oppnå eit innbyggjartal på 2800 innbyggjarar i 2024, i staden for 2600 slik SSB si middelsvekst framskriving tilseier.

Målet skal nåast gjennom dei to strategiane tilflytting og bygdeutvikling, og gjennom følgjande
delmål/hovudfasar:

  1. Å gjere Vik kommune og bygdene attraktive å flytte til gjennom etablering av gode basistilbod/tenester for tilflyttarar
  2. Å tiltrekke nye innbyggjarar til kommunen og bygdene gjennom kontakt mot målgrupper og aktive tiltak for busetting
  3. Å gjere Vik kommune og bygdene til ein attraktiv stad å bu gjennom vidareutvikling av tilbod og tenester
  4. Å arbeide for ein forbetring av infrastrukturen slik at innbyggarane i Vik kommune kan utvide sitt geografiske arbeidsområde
Resultat og effekt

Resultat

  • Etablering av gode basistilbod og tenester for tilflyttarar
  • Vellukka verving av tilflyttarar gjennom kontakt og aktive tiltak for busetting
  • Vidareutvikling av tilbod og tenester
  • Folketalet 1.1.2016 skal vera minst det same som 1.1.2013.

Folketalet i skal deretter være aukande.

Effekter

Resultat: Etablering av gode basistilbod og tenester for tilflyttarar
Måloppnåing: Gjer bygdene i Vik kommune attraktive for tilflytting

Resultat: Vellukka verving av tilflyttarar gjennom kontakt og aktive tiltak for busetting
Måloppnåing: Gjev auka tilflytting til kommunen

Resultat: Vidareutvikling av tilbod og tenester
Måloppnåing: Gjer Vik kommune til ein attraktiv kommune å bu i

Moment som er avgjerande for denne måloppnåinga:

  • at alle aktørar i kommunen bidreg til prosjektet
  • at det lukkast prosjektet å etablere basistilboda innan bustad og arbeid
  • finne rette person til prosjektleiarstillinga

Kvar i prosjektet det er størst risiko for at måla ikkje blir nådd:

  • at bustadbehova ikkje vert dekt