Nissedal kommune – Telemark

Nissedal har mange hytter, men få ledige hus til veksande ingeniørmiljø.

Jettegrytene i Nissedal er ein attraktiv plass å bruke. (Foto: Simonas Fotostudio)

Jettegrytene i Nissedal er ein attraktiv plass å bruke. (Foto: Simonas Fotostudio)
Foto: Simona van Tunen

Nissedal er ein stor hyttekommune med 2000 hytter. Frå slutten av 1990-talet har hyttebygging vore ei sterk drivkraft i utviklinga av næringslivet. Denne utviklinga stiller store krav til kommunen si vertskapsrolle og kan vere utfordrande for ein liten kommune med små ressursar.

Utfordringane

– Næringslivet slit med å skaffe kompetent arbeidskraft for å halde oppe nivået på aktiviteten og for å kunne vidareutvikle verksemdene. Dette gjeld særleg handverkarar og ingeniørar. Som arbeidsgjevar er også Nissedal kommune avhengig av god tilgang på relevant kompetanse, seier næringskonsulent Kari Hagelia Olstad.

– Infrastruktur som vegstandard, VA- anlegg, mobildekning og tilgang til fiber er avgjerande for næringsliv og busetjing. – Nærbutikkane slit, og vi manglar tilgang på kapital og kompetanse for å legge til rette for nye vekstnæringar som reiseliv og teknologiverksemder fortset næringskonsulenten. – I tillegg til dette er det ei utfordring å gjere kjent bu-, arbeid- og reiselivskvalitetane i Nissedal

Løysingane

– Kommunen har nyleg vedteke ein næringsplan. Vi har tett samarbeid med Nissedal Næringslag, som no har om lag 60 medlemmer frå alle typar næringar, fortel Olstad.

Næringskonsulenten er sekretær for næringslaget. Kommunen har felles plankontor med Kviteseid der kompetansen og dei tilsette er lokalisert i Nissedal. Kommunen satsar på å styrke og vidareutvikle lokalt næringsliv for å vere attraktiv for busetjing og reiseliv.

Distriktssenteret meiner

Nissedal har gjort gode strategiske val som har ført til at fritidsbuande har blitt en viktig ressurs. Nissedal er godt kjent med eigne utfordringar som vertskommune for hyttefolk og for næringslivet. Både hytteeigarane og det veksande ingeniørmiljøet er konkrete lokale ressursar kommunen vil byggje utviklinga vidare på. Det er eit godt grep å styrke desse gjennom god dialog som vert følgt opp med konkrete tiltak, seier rådgjevar ved Distriktssenteret, Geir Lyngaas.