Landskapsparken er paraplyen for aktørane / medlemmene og organiserer tiltak, som til dømes næringsutvikling, skjøtsel av landskap, rydding og merking av turstiar, informasjonsskilt og brosjyrer.
Langfoss Energisenter
Etne Kommune og Statens vegvesen saman med grunneigarar og lokale eldsjeler, er ei gruppe som skal arbeide fram ein felles plan for området ved attraksjonen Langfoss. Planen er å etablera eit opplevingssenter knytt til eksisterande rasteplass. Konseptet kan beskrivast som eit viten- og opplevingssenter med ei historie om vasskraft og energi i før og nåtid. Åkrafjorden har ei lang historie for utvinning av vasskraft i stor og liten skala. Langfoss er eit freda vassdrag, som m.a. vart kåra til ein av dei 10 vakraste fossane i verda av CNN.
Lokal nettportal med gode lenker ut i verda
Landskapsparken har ein felles nettportal aakrafjorden.no, bygd på dagens plattform med same adresse som Åkrafjorden Oppleving brukar i dag. Denne nettsida er integrert hos Destinasjon Haugesund og Haugalandet og Visit Sunnhordland. Alle aktivitetar og produkt er søkbare og bookbare også via FjordNorge og VisitNorway sine portalar/nettsider.
Dette er eitt av totalt 22 prosjekt i Verdiskapingsprogrammet for Norske lokale og regionale parkar i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).