Ønskjer du meir samarbeid om næringsutvikling i din region?

Då kan du hente inspirasjon frå Kristiansandregionen, der prosjektorganisering og felles strategisk næringsplan har gitt gode resultat.

Gjennom arbeidet med strategisk næringsplan har Kristiansandregionen blitt samde om ein overordna strategi i alle kommunane, noko som gir ei felles retning. Kvar av kommunane har sine handlingsplanar med eigne tiltak, i tillegg til fellestiltaka. Alle kommunane har tatt ansvar for å følgje opp nokre av fellestiltaka, med støtte/bistand og innspel frå dei andre. Semje om fellestiltaka gjer at den enkelte kan handla på vegne av fleire enn seg sjølv.

I regionen er det også gjort organisatoriske tiltak som styrkar gjennomføringsevna. Eit døme er at næringsrådgjevarane i dei sju kommunane møtast jamlege i eit nyetablert næringsnettverk. I nettverket har dei ansvar for å følgje opp tiltaka, informera og inkludera kvarandre i arbeidet som vert gjort. Nettverket har blitt ein møteplass og eit fagnettverk i regionen, der ein deler sine erfaringar, kompetanse og utfordingar. Næringsrådgjevarane er blitt «nye kollegaer» og «heiagjeng» som støttar kvarandre når det er behov for det.

Kristiansandregionen har aktivt brukt prosjektmetodikk som grunnlag for samarbeidet. PLP- metoden er eit nyttig verktøy for deg som ønskjer å lykkast med regionale samarbeidsprosjekt. God formell forankring og tydeleg eigarskap er viktig i alt regionalt prosjektarbeid.

Fakta og kontaktinformasjon Kristiansandregionen
Kristiansandregionen deltek i Byregionprogrammet.

Søkarkommune: Kristiansand
Samarbeidskommunar: Vennesla, Songdalen, Birkenes, Iveland, Lillesand, Søgne
Folketal i regionen: 135.802 (1. jan 2015)

Kokntaktinformasjon
Tina N Abrahamsen, prosjektleiar 
[email protected]
+47 909 54 304

Styrk den regionale utviklingskulturen

Kristiansandregionen har innafor næringsutviklingsarbeidet styrka den regionale utviklingskulturen. Det har skjedd ei haldningsendring når det gjeld å tenka næringsutvikling. Regionen arbeider no i eit godt fellesskap for å nå dei måla som er sett i den strategiske næringsplanen. Det er stor grad av tillit og ein tek kvarandre på alvor.

Kommunane i Kristiansandregionen leiter kontinuerleg etter smarte løysingar, som gir meirverdi og god effekt på tiltaka som ligg i planen. Dei prioriterer å jobbe meir saman. Kommunane er og saman om å formidle det arbeidet som skjer på tvers av kommunane. Som resultat av samarbeidet, har det blitt meir attraktivt for kommunane å arbeide for felles regional næringsutvikling. Saman yter regionen no meir enn tidlegare, då ein jobba spreidd og med få ressursar.

Næringsnettverket fra venstre: Trond Are Gjone, Lillesand - Tina Norheim Abrahamsen, Kristiansand - Lukas Wedemeyer, Kristiansand -Egil Mølland, Iveland - Thor Skjevrak, Songdalen - Jahn Arild Stray, Søgne - Kristian Råmunddal, Knutepunkt Sørlandet - Arild Tveide, Birkenes - Torgeir Haugaa, Vennesla. Foto: Jon Sverre Karterud i Kristiansand

Næringsnettverket fra venstre: Trond Are Gjone, Lillesand – Tina Norheim Abrahamsen, Kristiansand – Lukas Wedemeyer, Kristiansand -Egil Mølland, Iveland – Thor Skjevrak, Songdalen – Jahn Arild Stray, Søgne – Kristian Råmunddal, Knutepunkt Sørlandet – Arild Tveide, Birkenes – Torgeir Haugaa, Vennesla. Foto: Jon Sverre Karterud i Kristiansand

Tillit er viktig for utviklingskulturen

God utviklingskultur kjem ikkje av seg sjølv, og den kan lett svekkast. Det er difor viktig å jobbe kontinuerleg med å oppretthalde den gode tilliten, skape resultat for kvarandre og syne kva ein har oppnådd.

Det er viktig å være bevisst på korleis tilliten mellom sentrale aktørar påvirkar samarbeidet og korleis den kan styrkast. Det er spesielt fem punkt som har betydning for tilliten mellom aktørane: felles mål og målforståing, forankring, haldningar, gode prosessar og ramma for samarbeidet er. Desse fem punkta er det mogleg å påverke.

Regionalt samarbeid er utfordrande - sjå foredrag frå By- og regionsforskningsinstituttet NIBR

Det å lukkast med regionalt samarbeid kan vere problematisk. Arbeidet i Kristiansandregionen samsvarer med råda Oxford Resarch gir knytt til etablering av  godt grunnlag for samarbeid. Du kan lese meir om råda i rapporten Kommunalt samarbeid på næringsfeltet – Oxford Research

Dette samsvarar også med NIBR sine råd om korleis kommunar kan samarbeide regionalt. Her deira foredrag «Samarbeid mellom by og omland for å skape regional vekst», som dei holdt under nettverkssamling i Byregionprogrammet i ferbuar 2016:

Foredrag av Gro Sandkjær Hansen og Hegehofstad,NIBR. Sjå lysark frå foredraget.


Resultat som illustrerer samarbeidet

Kristiansandregionen sitt næringssamarbeid gjer det enklare å fange opp, dele og samarbeide om konkrete prosjekt. Datalagringssenteret i Vennesla og Smartskog i Birkenes er to dømer på næringsinitierte tiltak der kommunane i regionen har nytta næringsnettverket til å utvikle felles mål og konkrete samarbeid.

Grønt datalagringssenter i Vennesla

Datalagringssenteret

110 daa er ferdig regulert området og under opparbeiding.

Etter effektiv handsaming er områdeplanen på 3100 daa klar til å slutthandsamast i juni 2016.

Det er inngått avtalar om bruk av fiberkablar til Danmark og Oslo (infrastruktur knytt til datalagring er sikra).

Investeringsselskapet Bulk infrastruktur tok i 2012 kontakt med kommunen om moglegheita for å etablere eit datalagringssenter i Vennesla kommune.

I 2014 vart ideen offentleggjort og løfta inn i næringsnettverket, der det vart ein naturleg del av den strategiske næringsplanen i regionen. Kristiansandsregionen står samla og støttar opp om prosjektet. Prosjektet viser korleis regionen legg til rette for investorar som har spennande planar.

Regionen vil jobbe for å få ut spin-off-effektar frå datalagringssenteret som er under etablering til andre forretningsområde. Her ligg det også ein omdømmeeffekt i heile regionen som kan vera med å styrke attraktiviteten til det å ha eit senter av denne typen i regionen.

Flyfoto av tomt til datalagringssetnert i Vennesla.

Området for datalagringssenteret er under oppbygging i Venneslsa.
Foto: Erik Nærbø, Bulk Infrastructure AS

SMARTSKOG i Birkenes

Smartskog

SMARTSKOG AS er eigd av 45 skogeigarar i Herefoss og Vegusdal Skogeierlag i Birkenes kommune.

Visjonen er å skape en berekraftig verdikjede frå tre på rot til grøne ferdigprodukt

SMARTSKOG oppstod som ein ide frå eit skogeigarlag, omkorleis ein kan få meir verdiskaping ut av tømmerstokken. Det store engasjement førte til etableringa av eit AS. Birkenes kommune vart tidleg kopla på. Samfunnsrådgjevar i kommune er tett på arbeidet og bidreg som ekstern ressurs og nettverksbyggar.

Arbeidet vart raskt kopla til det regionale næringsnettverket ,og den strategiske næringsplanen i Kristiansand-regionen. Ordførarane i Kristiansandsregionen stod fram i fellesskap og viste at dette har eit stort regionalt næringspotensiale.

For å styrke treindustri og grøn forretningsutvikling i regionen, har Kristiansand kommune og Sørlandet kompetansefond har gått saman om ein 50% prosjektstilling. Dette gjer at ein saman kan spisse innsatsen, og sjå moglegheiter for spin-off-effektar knytt til klimasatsing lokalt, regionalt og nasjonalt.